Hopp til innhold

Stal eit par joggesko og ei flaske parfyme i går – utvist frå Norge i dag

Den første Stavanger-tiggaren er nå utvist frå landet, etter ein ny og strengare utvisingspraksis trådde i kraft i sommar.

Tigger

Ei rumensk kvinne (24) som tigga i Stavanger er utvist frå Norge og får ikkje koma tilbake på to år etter ho blei tatt i nasking av varer for 1700 kroner. Ho er den første tiggaren i Rogaland som blir råka av den nye praksisen i politiet.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

– Ei 24 år gamal tiggarkvinne frå Romania blei i går tatt for å stela eit par Nike-joggesko til ein verdi av 1199 kroner og ei flaske parfyme som kosta 570 kroner, fortel politiinspektør i Rogaland politidistrikt Leif Ole Topnes.

– Ikkje så mykje som skal til lenger

Naskinga skjedde på kjøpesenteret Madla Amfi i Stavanger tysdag ettermiddag. Kvinna fekk bot frå politiet, i tillegg til at dei oppretta utvisingssak hos Utlendingsdirektoratet (UDI).

Dette er den første utvisingssaka politiet i Rogaland opprettar mot ein tiggar, etter det har kome nye og strengare praksis rundt utsending.

I eit rundskriv frå Justis- og beredskapsdepartementet frå 18. juni i år, kjem det klart fram at praksisen skal skjerpast mot grenseoverskridane kriminalitet.

– Det er ikkje så mykje som skal til for å bli utvist med den nye praksisen, den opnar for heimsending ved nasking og tjuveri, seier Topnes.

Utvist i to år

Bakgrunnen er mellom anna at naskeri og tjuveri av mindre verdiar i dag er ein stor del av den vinningskriminaliteten som blir gjort, og den opptek store delar av politiet sine ressursar.

Allereie i dag tok politiet imot UDI sitt vedtak. Kvinna, som blei tatt i Stavanger, skal sendast heim, og er utestengt frå Norge i to år. Topnes meiner den nye praksisen er eit velfungerande verktøy i kampen mot kriminelle tilreisande til Norge.

– Denne type tjuveri er uheldig for samfunnet, og er noko me reagerer streng på. Praksisen blir stadig skjerpa, seier Topnes.

Flere nyheter fra Rogaland