I heile landet har folk i kveld demonstrert mot at Maria Amalie skal bli sendt ut av Norge og inn til Russland.

I Stavanger møtte omlag 200 personar opp, og forfattar Edvard Hoem, som er i Stavanger i samanheng med eit føredrag om Bjørnstjerne Bjørnson, hadde sluttappellen.

Han meiner at dette vil bli ein skamplett i Norsk historie.

Her hamrar Edvard Hoem laus på dei norske styresmaktene:

503 Service Unavailable

Error 503 Service Unavailable

Service Unavailable

Guru Meditation:

XID: 1278962769


Varnish cache server

I Oslo vil det bli arrangert støttekonsert for Maria Amalie, og her vil mellom anna rogalandsartisten Susanne Sundfør opptre.