ras på Rv13 - Den største steinblokka er over 20 kubikkmeter. - Foto: Per Einar Klungtveit / Vegvesenet

Den største steinblokka er over 20 kubikkmeter.

Foto: Per Einar Klungtveit / Vegvesenet

– Det er tilfeldig at det går godt

Fungerende ordfører Kari Vaage Gjuvsland sier at rasene på RV13 skaper frykt i bygda. Hun mener geologer må settes inn for å avdekke de kritiske punktene på Suldalsvegen.

Ras på Rv13 - Steinen må sprengjast i småbetar før Vegvesenet kan fjerna den. - Foto: Per Einar Klungtveit / Vegvesenet

Steinen må sprengjast i småbetar før Vegvesenet kan fjerna den.

Foto: Per Einar Klungtveit / Vegvesenet
Ras på Rv13 - Her i fjellsida over vegen har den store steinblokka kome laus. - Foto: Per Einar Klungtveit / Vegvesenet

Her i fjellsida over vegen har den store steinblokka kome laus.

Foto: Per Einar Klungtveit / Vegvesenet

Det var like etter halv tre natt til tysdag politiet fekk melding om eit stort steinras på riksveg 13 ved like ovanfor Røynevarden tunnelen ved Suldalsvatnet.

– Det er åtte til ti store steinblokker som har rast ut i vegen. Den største steinblokka er over 20 kubikkmeter, seier byggeleiar i Vegvesenet Einar Stange.

Han kan fortelja at vegen er knust, og hadde det vore bilar under då raset gjekk hadde konsekvensane vore fatale.

Raset i Suldal

Kari Vaage Gjuvsland, fungerande ordførar i Suldal, ute på rasplassen.

Vegen stengt til i morgon

– Det er berre å sjå på storleiken på steinblokkene. Me må berre vera glade for at dette gjekk godt, men med dei forholda som er i Ryfylke, er dette slik som kan skje, seier han.

Vegvesenet er i gang med å rydda vegen, men har ikkje ambisjonar om å vera ferdige før i morgon. Steinblokkene må først sprengjast før dei kan bli flytta av gravemaskinane. Deretter må vegen fiksast.

– Små bilar må køyra om Sauda, medan større vogntog må køyra om Ølen, fram til me har rydda vegen, seier Stange.

Det er langt frå første gong det går ras på denne vegen, noko dei lokale i ein TV-reportasje tidlegare i år fortalde at dei er urolege for.

Per Arne Fisketjøn - Per Arne Fisketjøn, dagleg leiar i Suldal billag. - Foto: Eirik Waage / NRK

Per Arne Fisketjøn, dagleg leiar i Suldal billag.

Foto: Eirik Waage / NRK
– Eg blei skremd

Ein av dei som har vegen som arbeidsplass er Per Arne Fisketjøn, som er dagleg leiar i busselskapet Suldal Billag. Bilete av raset gjorde sterkt inntrykk på han.

– Eg blei sjølvsagt skremd då eg såg bilete. Det er mange som nyttar denne vegen utanom oss bussjåførar, dette er stamvegen i Ryfylke, seier Fisketjøn til NRK.no.

Alle bussane deira frå Suldalsosen til Røldal er i dag innstille på grunn av raset. Fisketjøn har vore ein av dei som har stått i bresjen for å krevja at vegen bør koma inn i den nasjonale transportplanen.

– Eg spør meg sjølv om me skal måtte oppleve dette kvar einaste sommar? Men på andre sida er det ei vanvitig oppgåve for styresmaktene sidan rasa går på ulike stadar kvart år, seier han.

Han håper at styresmaktene nå gjer ei grundig og geologisk undersøking av vegstrekket for å vera føre var.

Det er ikkje sett av konkrete midlar til rassikring

Delar av riksveg 13 i Suldal og over fylkesgrensa til Hordaland er av dei mest rasfarlege vegstrekka på heile Vestlandet.

Geir Pollestad - Geir Pollestad, statssekretær i Samferdselsdepartementet. - Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Geir Pollestad, statssekretær i Samferdselsdepartementet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I løpet av 2012 blei vegen stengt fem gonger mellom Røldal og Nesflaten og fire gonger mellom Sand og Erfjord. Alle gongene på grunn av ras.

Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Geir Pollestad, kan fortelja at delar av riksveg 13 er omtalt i Nasjonal Transportplan, men at det ikkje er sett av konkrete pengar til sikring av vegen.

– Riksveg 13 er ein lang veg og det ligg inne store konkrete rassikringsprosjekt, og det vil vera rom for å gjennomføra mindre rassikringstiltak. Nokre er allereie gjennomførte, men det er ikkje tvil om at det er behov for meir kunnskap om korleis me kan rassikra endå meir, seier Pollestad.

Statssekretæren seier at bileta av steinraset er skremmande å sjå på, og han er glad for at det gjekk godt.

Vegstrekket der raset gjekk i natt er ikkje sett på som spesielt rasfarleg. Derfor har ordførar i Suldal, Torkel Myklebust, vore i kontakt med Pollestad og bedd om at det blir gjort nye undersøkingar.

– Eg skal ta dette vidare til Vegvesenet, og sørgja for at det nå blir gjort nye undersøkingar, seier Pollestad.

– Det blir aldri ein full garanti

Fisketjøn er glad for denne meldinga frå regjeringa.

– Det er gjort ein god del allereie, og det er berre positivt. Men det vil aldri vera nok, og det plagar meg litt at det nå går steinras sommar etter sommar.

Dette er også haldninga til Lange i Vegvesenet.

– Me har sikra der det gjekk ras i fjor, men i Ryfylke er det mykje dalar og vatn. Det vil alltid gå ras slike stader, seier Lange.

– Me kan aldri få full garanti mot ras. Men me må først ta dei punkta som me veit er utsette, så må me kartleggja for å få oversikt over andre punkt det er nødvendig å gjera noko med, seier til slutt statssekretæren.

Kart over Suldal - Små bilar bør køyra om Sauda, medan større vogntog må køyra om Ølen, ifølgje Vegvesenet.Google maps

Små bilar bør køyra om Sauda, medan større vogntog må køyra om Ølen, ifølgje Vegvesenet.

Foto: Google maps
NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)