Hopp til innhold

Fleire forfølgde forfattarar søkjer tilflukt i fribyar

Stavangers niande fribyforfattar blei arrestert i heimlandet Iran. Nå håpar ho på eit betre liv for seg og dottera i Norge.

Elahe Rahronia og datteren

Elahe Rahronia og dottera Sushiant (11).

Foto: Anett Johansen Espeland

– Eg blei veldig redd då mor mi blei arrestert. Eg trudde ho kom til å døy, fortel 11 år gamle Sushiant.

Ho har kome til Norge saman med mor si, Elahe Rahronia, forfattar, kunstar og filmskapar frå Iran.

Rahronia har fått opphald i Stavanger, ein av tolv norske byar som tar imot forfølgde forfattarar. Den 11 år gamle dottera blei livredd då mora blei arrestert på flyplassen i Teheran.

– Ho var veldig redd, så eg bad henne om å le, slik at politiet ikkje skulle tru med var redde, fortel mor Elahe Rahronia.

– Det var tøft

Elahe Rahronia

Elahe Rahronia.

Foto: Anett Johansen Espeland

36-åringen var i det iranske regimet sitt søkelys på grunn av tekstane og filmane sine.

Etter trugslar, avlytting og beslag flykta ho til Malaysia, og arresten skjedde då dei kom tilbake til Teheran.

36-åringen slapp fengsel, men sat i sju timar lange avhøyr kvar dag i ein månad. Ho var innesperra i huset til tanta, og kunne ikkje snakka med nokon.

– Det var tøft. Alle heimane i dette området er laga av søppel, seier ho.

Følte ho måtte kasta opp

Ein av filmane som provoserte iranske styresmakter går føre seg på eit anlegg for resirkulering i Teheran der smågutar, mange av dei foreldrelause, bur og arbeider i eit hav av søppel.

Sushiant følte ho måtte kasta opp då ho var med til søppelplassen. Ho skjønar ikkje korleis barna klarer å bu på der.

Med filmen vil mora hennar visa fram ei side av det oljerike Iran som styresmaktene vil skjula.

Fleire forfattarar søkjer

Elahe sine symbolske kunstfilmar tar føre seg det meiningslause med krigen. Det kan vera ei krigsenke som ligg med dressen til sin avdøde mann over seg, eller ei kvinne som bruker identitetsbrikker for døde soldatar som øyrepynt.

Nå må ho halda fram arbeidet og livet i eksil. Og ho er ikkje åleine. Fribynettverket ICORN, som nå består av 43 byar, har til nå i år fått over 50 søknader, mot 40 i heile fjor.

– Først og fremst skuldast dette at det er mange fryktelege forhold rundt om i verda. Dessutan blir organisasjonen vår meir kjent, seier leiar for nettverket, Helge Lunde.

Han seier dei har klart å plassera mellom 15 og 17 forfølgde forfattarar per år, men at dei håpar å klara endå fleire neste år.

Vil gjera meir for heimlandet

Elahe Rahronia meiner ho risikerer livet om ho reiser tilbake til Iran. Fordelen i Norge er at forfattarane også får permanent opphald. Herifrå vil ho halda fram å jobba mot religiøs og politisk indoktrinering i Iran.

– Først og fremst må eg få stabilisert mitt liv, så vil eg gjera meir for å informera heimlandet mitt, seier ho.

Tidlegare fribyforfattarar:

Tidlegare fribyforfattarar i Stavanger

Årstal

Norwan (pseudonym

2011-2013

Manal Al-Sheikh, Irak

2009-2011

Otba M. Fathallah, Irak

2007-2009

Chenjerai Hove, Zimbabwe

2005-2007

Islam Elsanov, Tsjetsjenia

2002-2004

Mansour Koushan, Iran

2000-2002

Mansur Rajih, Jemen

1998-2000

Araz Elsas, Aserbadsjan

1996-1997

Flere nyheter fra Rogaland