Hopp til innhold

Slik protesterer huseigaren mot naborøyking

Med svarte store bokstavar protesterer huseigaren i Stavanger på at verken styret i burettslaget, eller Stavanger boligbyggelag, vil gjera noko med røyken som siv inn i huset hans.

Skriving på veggen

SKRIV PÅ VEGGEN: Nokon skriv på Facebook-veggen når dei er sinte. Denne mannen i Stavanger skriv på husveggen sin.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Røykeprotest

Trass sterke ord, vil ikkje Stavanger Boligbyggelag melda sjikanen til politiet.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Mitt to år gamle barn luktar røyk når han vaknar opp, men ingen vil gjera noko med problemet, seier ein sint huseigar i Stavanger til NRK.no.

Mannen sin bustad er del av eit rekkjehus frå 50-talet med burettslag. Sjølv røyker han ikkje, men det gjer andre i nabohusa, noko han fortel at han dagleg kjenner med nasen sin.

– Ei keisam sak

– Lukta er heilt utruleg sterk. Men det er ikkje lukta som er verst, det er helsefaren som uroar meg mest, fortel han.

Han har tatt saka opp med styret i burettslaget, og med Stavanger boligbyggelag, utan å nå fram. I all frustrasjon har han derfor skrive veggen sin full av skjellsord mot bustadbyggjelaget generelt, men også namngjevne personar.

– Dette er ei keisam sak, seier forvaltningssjef i Stavanger boligbyggelag, Njål Nessa.

Dei melder ikkje saka til politiet, men seier at dei vil hjelpa styret i burettslaget så godt dei kan.

– Me har nå skrive eit brev, der han har fått freist på seg til å fjerna skrifta på veggen innan fredag. Dersom det ikkje skjer kan det bli krav frå styret om at han må tvangsselja bustaden sin, held han fram.

Han seier at burettslaget eig fasaden, og at styret derfor kan krevja dette.

– Ingen har klaga på røyklukt før

Eit av styremedlemmene i burettslaget, som NRK har vore i kontakt med fortel at mange reagerer på framferda til naboen.

– Eg kan ikkje sei at eg har sansen for dette. Det er ikkje første gong han protesterer på denne måten, men likevel er det ikkje kjekt, seier Ragnar Ødegaard.

– Men har han blitt høyrt i røykesaka?

– Han har nemnd problemet for oss, men eg har budd her sidan 1956, og aldri høyrt nokon klaga på røyklukt. Eg røyker sjølv, og om det blir slik at ein ikkje skal få lov å røyka i sin eigen bustad, så flyttar eg til Russland, seier han.

Ødegaard hevdar vidare at dette er noko ein må leva med, om ein bur i eit rekkjehus.

– Han kunne unngått alt dette med å flytta til eit hus for seg sjølv på Jæren, seier Ødegaard.

Den sinte bebuaren har lite lyst til å flytta, men seier at det kanskje må bli løysinga.

Må betala for hjelpa

Ødegaard er skuffa over at det er dei som skal ha ansvaret for denne saka, og at Stavanger boligbyggelag fakturerer dei for den hjelpa dei gir.

Men ved Stavanger boligbyggelag fortel dei at det juridisk sett ikkje er andre enn burettslaget som kan ha ansvaret i ei slik sak.

– Det er berre styret som har styresmakt til å gjera noko. Me hjelper sjølvsagt til, men det ligg utanfor vår forretningsførarkontrakt, derfor kostar denne hjelpa pengar, men me er forsiktige med å føra timar i ei spesiell sak som dette, seier Nessa.

Dette gjeld også kjernen i saka, som er røykproblematikken.

– Det er klart at mange eldre burettslag slit med dårleg ventilasjon. Kva som er tilfellet her kan eg ikkje seia noko om.

Han legg til at alle har krav på god luftkvalitet, og at burettslaget skal streva etter dette.

– Ein kan likevel ikkje nekta folk å røyka inne. Når det er sagt, er det betre for ein bebuar å gå i dialog med styret, enn å skriva på veggen sin på denne måten, avsluttar Nessa.

Flere nyheter fra Rogaland