Hopp til innhold

Slik blir graskara perfekte

På Dusavika i Randaberg skjærer dei ut graskar med hundre prosent presisjon. Sjå video!

På Dusavika i Randaberg skjærer dei ut graskar med hundre prosent presisjon. Sjå video!

VIDEO: Her blir graskar skjært ut med CNC-maskin.

Gresskar

Her er to av graskar som har blitt laga på Dusavika i dag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

er som ein tenker at eit graskar, ein kniv og ei stødig hand ikkje er godt nok til å få den perfekte Halloween-pynten kan du gjera som smeden Svein W. Kristiansen.

– Her bruker me CNC maskinar til å fiksa graskar til Halloween, seier Kristiansen, som er dagleg leiar i Smed T. Kristiansen.

– Gjer det fordi det er kjekt

Normalt er dette maskinar som blir brukt til å laga utstyr til oljeindustrien, men på Halloween inviterer bedrifta barnehagebarn og skuleelevar til å bli med på den litt uvanlege utskjeringa.

– Eg har jo eit lite håp om å rekruttera framtidig arbeidskraft, men me gjer dette i utgangspunktet berre fordi det er kjekt, seier han.

Han har sjølv teikna ein tiger, eit daudinghovud, Darth Vader, skriket og andre motiv som har blitt programmert inn i datamaskinen, og som deretter blir ei perfekt utskjering.

For at den sterke vasstrålen skal gå gjennom på baksida av graskaret forar han den først med plastikk.

I dag var det Geitastova barnehage som var på besøk. Med seg tilbake fekk dei eit flott tiger-graskar, og dermed sikra dei seg det mest presist utskorne graskaret i området.

Svein W. Kristiansen viser frem gresskarene

Svein W. Kristiansen viser fram graskara for skuelystne barnehagebarn.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Flere nyheter fra Rogaland