Hopp til innhold

Sevland: - Rett tid å gå av på

Ein gråtkvalt Stavanger-ordførar Leif Johan Sevland fortalte i dag at han ikkje stiller til attval i Høgre.

Leif Johan Sevland

Leif Johan Sevland (H) stiller ikkje til attval, og gir seg dermed som ordførar i Stavanger neste år.

Foto: Erik Waage / NRK

Det betyr at Sevland gir seg som ordførar i oktober neste år - etter 16 år i ordførarstolen.

- Det er rett tid å gå av på nå, sa ein tydeleg rørt orførar på ein pressekonferanse i føremiddag.

Vanskeleg prosess

Sevland fortalde at han måtte gå mange rundar saman med kona Anne før han tok den endelege avgjersla.

- Det har vore ein av landets mest givande jobbar. Stavanger er den beste byen i Norge.

(Artikkelen fortsetter under videoen)

Video Sevland gir seg som ordfører

Sevland fekk nøkkelen til ordførarkontoret 16. oktober 1995. Kvar dag har vore ei glede, ifølge ordføraren sjølv.

- Samhaldet i byen er unikt. Me har hatt ambisjonar utover det som er vanleg. Me har vist handlekraft og bystyret veit kor dei vil, sa han.

- Mykje gøy i vente

Sevland viste til ein by som har vist stor vilje til å gjennomføra store prosjekt dei siste åra, og viste til bygginga av Viking Stadion, Universitetet i Stavanger og Oljemuseet.

- Det er lett å bli freista til å leia byen vidare. Det er mykje gøy i vente dei neste åra også. Det blir bygd nytt konserthus, Rogaland Teater skal få ny heim og Stavanger Museum skal framstå i ny drakt.

Sevland nemde i tillegg planane om fastlandssambandet mellom Stavanger og Ryfylke, Ryfast, og dei storstilte planane om bybane på Nord-Jæren.

- Likevel vel eg å takka nei til å stå på lista til Høgre. Det er rett tid å gå av på, sa han.

Uviss framtid

Kva den populære ordføraren nå skal gjera er uvisst. Sevland var også sparsam med å røpa for mykje i dag.

- Eg vurderer kva eg skal gjera. Kva det blir vil tida vise.

KJEM DU TIL Å SAKNA SEVLAND?

Flere nyheter fra Rogaland