Hopp til innhold

Robotar har invadert heimen deira

Stadig fleire kjøper robotar som tek seg av plenklippinga, og mange har alt skaffa seg ein støvsugarrobot. Men få har så mange robotar som familien Volden i Sokndal.

Hos familien Volden i Sokndal, har dei sju robotar som gjer huset reint og fint.

SJÅ ROBOTANE I AKSJON: Sju robotar jobbar kontinuerleg med å halde huset til familien Volden i stand.

– Eg likar ikkje så godt husarbeid, eg likar å sjå på, seier Vidar Volden.

Han kvilar på sofaen, medan støvsugarroboten gjer det reint på golvet.

Men det er ikkje den einaste roboten som har ein jobb å gjera i huset. For familien Volden har skaffa seg inkje mindre enn to plenklipperobotar, to støvsugarrobotar, ein vindaugevaskerobot, ein golvvaskerobot og ein takrennerobot.

Siv Volden

Siv Lindland Volden er godt nøgd med jobben robotane gjer.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

– Det er ganske effektivt, seier Siv Lindland Volden.

Kjenner du nokon som har fleire robotar enn dykk?

– Nei, det trur eg ikkje, seier Siv.

– Det kan ikkje bli for mange robotar då?

– Nei, seier Vidar.

Artikkelen held fram under bilete

Golvvaskerobot

Robotane tek seg av golvvasken hos familien Volden.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Starta med ein presang

Det starta med ein støvsugarrobot, og Siv var ikkje heilt nøgd til å byrje med.

– Eg fekk den faktisk til 40-årsdagen, og då blei eg rett og slett påddesur. Eg synst det var ein heilt idiotisk presang, men så viste det seg jo å vera veldig bra, seier Siv.

Dei meiner at huset blir reinare og plenen finare med sjølvgåande hjelparar. Og dei trur robotinvasjonen knapt har byrja.

– Eg er overbevist om at det vil koma meir og meir. Folk er opptekne av å ha fritid og gjera det dei har lyst til, i staden for å bruke tid på vedlikehald, seier Vidar.

Ynskjer seg fleire

Sju robotar jobbar kontinuerleg i huset, og dei vil få fleire kollegaar. For i Sokndal ventar dei berre på teknologien.

– Eg skulle ynskje det var ein som kunne vaske fliser inne i dusjane, seier Siv.

– Eg saknar ein som kunne teke lauv på vegen, men det kjem, seier Vidar.

Flere nyheter fra Rogaland