Hopp til innhold

Gulliver må parterast før fjerning

Då kjempa Gulliver blei seld på e-bay såg kjøparen, Arvid Mæland, føre seg at heile sulamitten kunne fraktast med helikopter til Jæren. Det går ikkje, så nå blir det avansert kirurgi med motorsag.

Fjerninga av Gulliver

KONGEPARKEN: Her er venstrehanda til kjempa Gulliver på veg vekk frå plassen sin i Kongeparken på Ålgård etter 26 års teneste.

Foto: Morten Nesvik / NRK

Kongeparken på Ålgård

I 26 år har kjempa Gulliver vore ein attraksjon og eit landemerke i familieparken Kongeparken på Ålgård.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Me trudde den skulle vega 1.800 kilo, men det viser seg at den veg 10.000 kilo, seier Arvid Mæland. Mannen som har kjøpt hovudet til Gulliver for 8.000 kroner på e-bay.

Nå skal han frakta hovudet til Jæren, der det skal tena som scene. Men han har støytt på uventa vektproblem.

– Kirurgisk inngripen

Hovudet til Gulliver er laga i glasfiber, og er om lag 15 meter lang 11 meter brei. Bakgrunnen for at familieparken på Ålgård vil fjerna heile Gulliver er at han blir mindre og mindre besøkt.

Planen til Mæland var å bora tre hol i hovudet, og frakta det med helikopter i ein eingong. Men nye estimat tyder på at det må fleire helikopterturar til.

– Dei små helikoptera tar ikkje meir enn 1.400 kilo, og i tillegg til hovudet vil me også ha med neven. Dermed må me til med ein kirurgisk inngripen. Gulliver må delast opp i fleire delar, så må ein og ein del fraktast til Huset på Jæren, seier Mæland.

– Dette byrjer vel å bli dyrt, angrar du at du kjøpte hovudet?

– Eg er aldri der. Skal ein drita seg ut, må ein gjera det heile vegen, seier mannen full av pågang.

Då kjempa Gulliver blei seld på e-bay såg kjøparen, Arvid Mæland, føre seg at heile sulamitten kunne fraktast med helikopter til Jæren. Det går ikkje, så nå blir det avansert kirurgi med motorsag.

►SJÅ VIDEO: Arvid Mæland angrar ikkje på at han kjøpte det store hovudet.

Alex Rosén med opningskonsert

Sjølv om hovudet blir frakta bete for bete i morgon, har Mæland framleis ikkje fått den nye konsertscena godkjent frå Klepp kommune.

– Me skal jo ha alt godkjent og alt lovleg, men kommunen er jo ikkje kjent for å jobba fort. Dei treng i alle fall vinteren på saksbehandlinga. Derfor kjem den til å stå ei stund før me kan gå i gang med monteringa.

Han meiner at Gulliver betyr så mykje for distriktet at han ikkje kan rivast og køyrast på tippen, og har derfor god tru på at han får opp scena.

– Alex Rosén blir den første til å halda konsert, så kjem det fleire artistar etter kvart. Me har jo erfaring med å ha konsertar her ute. Den førre eg arrangerte var Plumbo, seier Jærbuen til NRK.no.

Sjølv har han eit håp om at scena kan stå klar til 17. mai 2013.

I dag blei auksjonen av Gullivers håve avslutta. Kongeparken la det ut for salg på nettet for et par veker siden, og fleire såg nye muligheter for håvet.

►ARKIVVIDEO: Her vinn Arvid Mæland bodrunden på gulliverhovudet.