NRK Meny
Normal

Byr småpengar for kjempehovud

Kjempa Gulliver sitt hovud blei lagt ut for sal på internett i går, og nå er bodrunden endeleg i gang. Førebels er det høgste bod på 100 dollar for fornøyelsespark-attraksjonen frå Ålgård.

Bodrunde på Gulliver

Gulliver har i 26 år vore ein attraksjon og eit landemerke i «Kongeparken», som ligg i Ålgård i Rogaland. Nå skal den vekk har leiinga ved parken bestemt.

Foto: eBay

Håkon Lund, daglig leder i Kongeparken

Håkon Lund er dagleg leiar i Kongeparken på Ålgård. Nå vil han kvitta seg med Gulliver.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Gulliver sitt hovud er så stort at ein vaksen mann kan få plass i nasen, og kanskje er det derfor folk så langt ikkje har vist den heilt store interessa i å kjøpa det.

Bodrunden gjekk litt tregt då hovudet blei lagt ut for sal på nettstaden eBay i går, men nå kan det likevel sjå ut som om det har losna litt.

Høgste bod: 593,-

Klokka 12.30 i dag var det inne seks bod, og det høgste var 31 dollar. Køyrar ein dette beløpet gjennom valutakalkulatoren blir summen 183 norske kroner.

Klokka 13.30 hadde det kome inn to nye bod, det høgste på hundre dollar, eller 593 kroner.

Kanskje ikkje heilt den summen leiar i «Kongeparken», som skal selja den 26 år gamle attraksjonen sin, hadde sett føre seg.

– Vil de selja for 100 dollar?

– Ja det vil me, planen var at den skulle gå i kverna om ingen ville kjøpa den. Om me får ei krone eller ein million, vil me selja den uansett, seier Håkon Lund.

Han ønskjer likevel å få inn mest mogleg pengar for hovudet sidan inntekta skal gå til eit godt føremål.

Det blei i ettermiddag avgjort at pengane skal gå til barneavdelinga på Stavanger Universitetssjukehus.

Hovudet er laga i glasfiber og er om lag 15 gonger 20 meter. Bakgrunnen for at fornøyelsesparken på Ålgård vil fjerna heile Gulliver er at han blir mindre og mindre besøkt.

Landemerke

Meininga då den blei sett opp i 1986 var at dei besøkjande skulle få ei reise i menneskets indre.

Nå fungerer den som eit stort leikestativ. Derfor har også barnehagar fått tilbod om resten av kroppen til Gulliver. Allereie har mange skular vore i kontakt om at dei ønskjer dette.

Kjempa som ligg like ved E39 sør for Sandnes har blitt eit landemerke, og Lund hevdar at fly brukar den til å navigera etter.

Men sjølv om det nå kan sjå ut som om hovudet skal forsvinna for småpengar, er det likevel 9 dagar og 20 timar att av bodrunden i skrivande stund.