Idrettsleiar i Stavanger er mistenkt for fire nye overgrep

Etter politiet sikta ein idrettsleiar frå Stavanger for seksuelle overgrep mot fire jenter, har det kome inn fleire meldingar om overgrep.

Totalt er idrettsleiaren i 30-åra nå mistenkt for overgrep mot åtte jenter skriv Aftenbladet.no.

Det var fredag førre veke det blei kjent at politiet hadde sikta ein idrettsleiar for seksuelle overgrep mot fire jenter. Ei av desse under 16 år.

Mannen har vore varetektsfengsla i to veker, og etter eit avhøyr i dag vil han bli sett fri.

– Me har avhøyrt dei mest sentrale personane i saka, og meiner at det ikkje lenger er fare for tap av prov. Me kan ikkje sjå vekk frå at fleire fornærma vil melda seg, men me føler me har såpass oversikt over saka at han kan bli lauslaten, seier politiadvokat Cathrine Tanberg til avisa.

Av dei nye skuldingane som har kome mot mannen, ligg framleis det mest alvorlege punktet i siktinga. Punktet som går på seksuelt overgrep av barn.

Mannen sjølv nektar straffskuld på alle punkt ifølgje advokaten.