Mathias Oppedal er fødd i 1985 og kjem frå Nærbø i Hå kommune.

Utdanninga si har han hovudsakleg frå Universitetet i Stavanger der han har ein bachelor i fjernsyns- og multimedieproduksjon. Hausten 2009 fekk han journalistopplæring gjennom NRK Nynorsk mediesenter i Førde i Sogn og Fjordane.

I 2010 hadde han praksisen sin hos NRK Rogaland, og etter dette har han blitt verande her. Hausten 2011 blei han fast tilsett. Mathias Oppedal jobbar for det meste som nettjournalist.

Send e-post til Mathias: mathias.oppedal@nrk.no