Hopp til innhold

-Lærarar og elevar bør ikkje vera venar på facebook

– Lærarar kan leggja ut mykje privatinformasjon på facebook, som ikkje bør vera av interesse for elevar eller foreldre, seier skulesjef i Stavanger Eli Gundersen.

Forsiktig med kven du legg til som ven

Er du lærar bør du vera varsam med kven du knyter til deg som ven på facebook.

  • Bør elevar og lærarar vera venar på facebook? Delta i diskusjonen nedst på sida!

Den type privatinformasjon som blir lagt ut på facebook bør ikkje bli utveksla mellom lærarar, elevar og foreldre, meiner skulesjefen.

Ho vil nå ha felles retningslinjer for alle kommunetilsette når det gjeld bruk av nettstader som facebook.

– Det er kjempeviktig at ein skiljer mellom kor tid ein er privat og kor tid ein er tilsett og profesjonell, seier skulesjefen.

Eit internasjonalt spørsmål

Gundersen seier at dette er eit internasjonalt spørsmål, og at det derfor er noko som ein må ta stilling til.

– Me har også opplevd at foreldre har reagert på at lærarar har sendt veneførespurnad, sidan dei kjenner dei som lærarar, seier ho.

Vil ikkje vera ven med elevane sine

På Gausel skole har dei ikkje hatt eit regelverk om korleis lærarane skal forholda seg til facebook.

Likevel har lærar Eirik Skåle teke eit val om å ikkje ha kontakt med elevane sine på facebook.

– Same kva alder elevane er, bør ein ikkje vera venar med dei, seier han.

Han seier også at det er mange ulike praksisar blant lærarane på dette området. Men han meiner at prinsippet er at du ikkje skal vera ven med dei du skal ha eit profesjonelt forhold til.

Rektor på Gausel skule, Tone Roaldsøy, seier at dei skal få retningslinjer på skulen hennar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.