Hopp til innhold

Opna bilutstilling – føretrekk elbil

Oldefaren sin første bil var del av utstillinga kronprins Haakon opna på Jærmuseet i dag. Men kronprinsen innrømmer at bilinteressa hans ikkje er meir enn middels.

Oldefaren sin første bil er eitt av køyretøya i utstillinga kronprins Haakon opna på Jærmuseet i dag. Men kronprinsen innrømmer at bilinteressa hans ikkje er meir enn middels.

►SJÅ VIDEO: Kronprins Haakon om utstillinga «Kongelige køyretøy 1905–1945. Frå Berliner til Buick».

My Lord

Kongeparet nytta seg av My lord-vogna si under kroningsferda i 1906. Her frå kroningsferdas start utanfor Slottet. Vogna står i dag utstilt på Jærmuseet.

Foto: C. Chusseau-Flaviens / Det kongelige hoffs fotoarkiv
Her er eit bilete av Kong Haakon sin Buick Roadmaster Convertible, trygt plassert i utstillinga på V

Her er Kong Haakon sin Buick Roadmaster Convertible utstilt på Jærmuseet.

Foto: Jærmuseet

– Det er veldig mange fine bilar her og det er nok mange som vil ha glede av denne utstillinga, sa kronprins Haakon etter han hadde vore med på opninga av den kongelege bilutstillinga på Jærmuseet på Nærbø i Hå.

«Kongelige køyretøy 1905–1945. Frå Berliner til Buick» heiter utstillinga og er ein del av 75 årsgåva til kongeparet frå regjeringa, og har tidlegare blitt utstilt i Trondheim.

Sjølv om kronprinsen likte det han såg innrømmer han at bil ikkje er den største interessa han har.

– Interessa er middels, men eg er veldig glad i elbilar, seier han.

– Kor mykje kan kronprinsen om bil?

– Ikkje veldig mykje, svarer han og smiler.

– Handverk

Det har vore nokre hektiske veker for dei tilsette på Vitengarden. Her står til vanleg gamle, jærske traktorar. Nå er dei byta ut med royal historie, blant anna kongelege veteranbilar og hestevogner.

– Eg forstår godt at mange vil koma å sjå for dette er utruleg flotte bilar. Ein ser at det var skikkeleg handverk i gamledagar. Men vognene som hestane drog er også verdt å få med seg, seier Haakon.

Utstillinga omfattar køyretøy, private bilete, filmopptak og tekstar frå det dåverande kongeparet sine møte med det norske folk under kroningsreisa i 1906. Kroningskaret og Kong Haakons fyrste førarkort er blant gjenstandane som blir viste fram på Jærmuseet. Også ein Buick, Kong Haakons fyrste bil og kronprins Olav sine Cadillac-leikebil har funne vegen til museet på Nærbø.

Same år som motorvognlova kom i 1913, gjekk Kongen til innkjøp av to Minervaer – ein open og ein lukka. Den eine Minervaen blei så vidt redda frå bilopphogging i 1937 og blir vist i utstillinga. Til dagleg utstilt ved Teknisk Museum i Oslo.

Flott mottaking

Traktorar frå Jæren er bytta ut med kongelige bilar på Jærmuseet, Vitengarden på Nærbø. I dag opna kronprins Haakon den kongelige utstillinga på Jæren, som bmellom anna inneheld hans oldefar sin første bil.

►SJÅ VIDEO: Kronprins Haakon fekk ein varm velkomst utanfor Jærmuseet på i Hå.