Ifølgje Stavanger Aftenblad er amerikanske ConocoPhillips blant dei som har avlyst julebordet for tilsette både på land og offshore i Noreg.
– Det er ei vurdering av den vanskelege situasjonen vår industri er inne i med reduksjon av arbeidsplassar som gjer at vi i år ikkje arrangerer julebord, seier Stig S. Kvendseth, direktør for kommunikasjon og myndighetskontakt i ConocoPhillips Norge.
Også julebordet til selskapet i Oslo, der det tidlegare har komme både statsrådar og andre politikarar, er avlyst.
Statoil skal ha julebord, men nye retningslinjer seier at tilsette berre får delta på eitt – og dersom ikkje anna er avtalt, er det utan partnar.
– Stikkordet er nok nøkternt. Det ser alle er naturleg og viktig når det blir lagt ned eit stort arbeid med å redusere kostnadar i bransjen gjennom året elles. Men vi synest det er viktig at dei tilsette kan ha eit arrangement eller ein julemiddag og treffast i sosial samanheng, seier pressekontakt Morten Eek.