Hopp til innhold

Jonevret vurderer å forandra spelestil

Viking hadde ingen sjanse mot Rosenborg på Viking stadion. Viking-trenar Kjell Jonevret vurderer nå å legga om spelestilen - igjen.

Kjell Jonevret

Kjell Jonevret legg seg flat etter tapet mot Rosenborg og seier trønderane vann fullt fortent.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er berre å legga seg flat. Rosenborg var best på alt og me hadde ganske enkelt ingen sjanse i dag, konkluderer Jonevret overfor NRK etter kampen.

Det var lite som minna om generalprøven før eliteserien på Viking stadion i kveld, der Viking slo Rosenborg 4–2.

Sjølv om kampen laurdag kveld opna jamt, kopla trønderane eit solid grep utover i første omgang og laga målfest mot Viking – som står med berre ein siger på dei fire første kampane.

– I dag møter me eit bra lag som straffar oss hardt. Men det herlege med fotballen er at me får nye sjansar, seier Jonevret.

Den svenske trenaren seier det nå kan bli aktuelt å legga om på spelestilen. Viking la om stilen før sesongen og spelar nå meir offensivt og ballbesittande enn tidlegare.

– Kanskje me må legga om litt. Det er litt naivt akkurat nå, og me gir bort enkle mål. Me skal ikkje gå bort frå alt, men i periodar må me spela litt enklare. I alle fall når me hamnar under slikt press som i dag.

Rosenborg-trenar Kåre Ingebrigtsen er i ein heilt annan situasjon enn sin tidlegare hovudtrenar i Stavanger. Med tre nye poeng har RBK inntatt tabelltoppen i Eliteserien.

– Me spelar ein veldig solid kamp. Me vinn fortent på ein vanskeleg arena. På bortebane har me vore bra så langt denne sesongen.

Kjell Jonevret om Viking-RBK

VIDEO: Sjå intervju med Kjell Jonevret etter Viking-RBK.