Hopp til innhold

Høyr Gunnar Eide lesa "De små armane"

Det var lyttarar som truga med å flytta frå Rogaland dersom dei ikkje fekk høyra Gunnar Eide lesa "De små armane" på julaftan. I avstemminga stakk ikkje Eide av med sigeren, men for at ingen skal flytta frå Rogaland gjer me deg nå begge versjonane her.

Gunnar Eide

Sidan 1970-talet har det vore tradisjon på NRK Rogaland at Gunnar Eide (bilete) sin versjon av 'De små armane' blir spelt om julaftan. I år er tradisjonen broten.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Claes Gill

Lyttarane til NRK Rogaland ville heller ha Claes Gill sin versjon av 'De små armane' på julaftan.

Foto: Nyhetsspiller

For første julaftan sidan 70-talet vil NRK Rogaland si føremiddagssending vera strippa for at Gunnar Eide les opp Ajax-klassikaren "De små armane" om Johanna og Broremann.

Ajax er den kjende Stavanger-forfattaren Andreas Jacobsen (1909 - 1998), og "De små armane" er ei kjend og kjær juleforteljing han har skrive.

Forteljinga skal lesast opp denne jula også, men i år har lyttarane til NRK Rogaland avgjort at dei vil høyra diktaren, skodespelaren og teatersjefen Claes Gill (1910 - 1973). Dette blei avgjort etter ei avstemming på radioen den 14. desember.

Høyr Claes Gill sin versjon her:

Det kom sterke reaksjonar frå lyttarane då dette blei avgjort. Og det var endåtil dei som sa at dei ville flytta frå fylket dersom dei ikkje fekk høyra Gunnar Eide sin versjon.

Det er sjølvsagt ikkje ønskjeleg at nokon skal flytta frå Rogaland, derfor får dei som heller vil høyra Gunnar Eide ei julegåve frå Lokalen her.

Høyr Gunnar Eide sin versjon her:

God jul frå NRK Rogaland

Fleire saker som kanskje kan få deg i julestemning finn du her: