Kor kjem julesongane våre frå?

Kvart år blir dei tekne fram og sunge om og om igjen. Men veit me kor julesongane kjem frå? Kva er det dei fortel om og korleis blei dei til?

Juletrefest

Songane som vi syng når vi går rundt treet eller når vi handlar til jul har alle ei historie. Nokon kjem frå 1600-talet, og andre er like gamle som oss sjølv.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Også i år fortel NRK om historia bak dei mest kjente julesongane, som blir sunge og spelt om og om att kvar einaste jul.

Sølvi Vinnes og Fartein Valen-Sendstad

Sølvi Vinnes og Fartein Valen-Sendstad.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
  • Les om songane og høyr radioutklippa nedover i artikkelen!

Historiane kjem frå Sølvi Vinnes og Fartein Valen-Sendstad som har teke føre seg fleire av våre kjente og kjære julesongar.

Vinnes som har skrive hovudoppgåve om julesongar, og mannen hennar Fartein Valen-Sendstad er teolog, forfattar og forskar.

«Lille Messias»

I 1989 kom det ei juleplate med tekster av prest Johannes Müllerhave og melodi av Anne Linnet.

– Hun er ei dame som har komponistutdanning og som er ei veldig viktig pop- og visesangerinne i Danmark. Ho har eit direkte og usentimentalt vis å fremføra julesongar på, seier Vinnes.

– Songen er enkel og samtidig dyp. Det er ei spenning mellom det konkrete og det djupe. I natt føder himlen med jordiske veer, syng ho. Der er absurd, seier Valen-Sendstad.

«Den fagraste rosa»

Teolog og salmadiktar Hans Adolph Brorson ga ut denne songen i 1732.

– Denne salma viser ein mann som har hat tøffe oppplevingar. Han hadde 13 barn og kona døde i barsel med det siste. Det er eit liv prega av smerte, motgang og vanskar. Då kling det så djupt, seier Valen-Sendstad.

– Det er vakkert med dette rosemotivet som vi finn i mongen julesangar. Rosa er Kristus. Vi er i pietismen, og han er den yndigste rosa, som du må la deg berøra av. Han henvend seg til dei som ikkje har latt seg berøre, seier Vinnes.

«Jul, jul, strålende jul»

Selve melodien ble til etter teksten. Den kom i 1920, og den første innspillingen ble laget i 1924. Teksten er vesentlig eldre, og den er skrevet av presten Edvart Evers som døde i 1919.

– Sangen var spesielt populær i Sverige, men har nå blitt svært populær i hele Norden, og det er veldig mange som har spilt den inn, sier Vinnes.

«Do they know it's Christmas?»

Songen vart utgitt den 25.11.1984.

– Det var Bob Gledof som hadde sett ein film på BBC om sultkatastrofen i Etiopia. Den hadde pågått i tre år uten å få noko internasjonal merksemd. Han handla umiddelbart og tok kontakt med Midge Ure. Dei skreiv songen samen, seier Vinnes.

Nesten 40 store artistar meldte seg på prosjektet som vart starten på ei heilt ny bevegelse.

– Songen bevega ei heil verd og solgte ein million den første uka, seier ho.

«Fairytale of New York»

Utradisjonelle «Fairytale of New York» har blitt ein av dei mest kjære julesongane for mange av oss.

– Dette er ein song frå puben. Det har blitt drukke, liv har gått opp i liminga og det har blitt vanskeleg å vera menneske. Songen begynn i fyllearresten, og så går den vidare til draumen om New York, seier Valen-Senstad.

– Det er eit irsk innslag, ein folkesong. Plata kom i 1988, og songen vart fort kåra til tidenes beste julesong. Det er bandets største hit, seier Vinnes.

Sangen vart sensurert fleire gonger av BBC radio, men så vart den ein kjempepopulær julesong.

«Happy Xmas (war is over)»

John Lennon og Yoko Ono

Yoko Ono og John Lennon.

Foto: AP

«Happy Xmas (war is over)» er skriven av John Lennon og Yoko Ono, og er så fersk som frå 1972.

Den er eigentleg ein protestsong mot krigen som då gjekk føre seg i Vietnam. Likevel meiner ekspartane våre at det kunne vore ein tanke å få den inn i salmeboka.

– Sjølv om denne songen kan stå fram som litt flau sett frå ein teologs synspunkt, har den likevel akkordar som kanskje har blitt litt vekke i kyrkja og i kristendommen, seier Valen-Sendstad.

– Bodskapen i songen er jo «la oss slutta å slåst», og finst det noko meir treffande i forhold til fredsbodskapen, julenatta?, spør han.

Vinnes er samd:

– Englane song om fred. Eg trur likevel ikkje at denne songen kjem med i salmeboka, men kanskje den burde vore der, seier ho spøkjefullt.

«En krybbe var vuggen»

Ein song som allereie er å finna i den norske salmeboka er Eyvind Skeie sin «En krybbe var vuggen».

Den norske teksten til Skeie er attdikting av den opphavlege songen «Away in a Manger» som først blei publisert i USA i 1885.

Tekstforfattaren bak dei engelske orda er ukjend, men det er komponisten William Kirkpatrick som har sett den velkjende melodien til julesongen:

– Det er veldig interessant å samanlikna den norske og den engelske versjonen av songen. Den norske er meir høgtideleg medan me i den engelske nærmast sit i stallen og kjenner på luktene av dyra, seier Valen-Sendstad.

Sissel Kyrkjebø

Sissel Kyrkjebø i pauseinnslag til MGP i 1986.

Foto: NRK

«Den store stjerna»

Historia bak «Den store stjerna» er på mange måtar ei trist historie:

Songen blei skriven av Trygve Hoff og Svein Gundersen til Sissel Kyrkjebø si juleplate i 1987.

Orda til Hoff framført av Kyrkjebø blei ein stor suksess i heile landet, og salet av plater gjekk til himmels.

– Same dag det blei kjent at julesongen var ein stor suksess døde Trygve Hoff av eit hjarteinfarkt. Ei trist historie, men det er ein flott mann som nå blir hugsa gjennom songen, seier Valen-Sendstad.

«Go Tell It On The Mountain»

Fleire av julesongane me har i dag er såkalla «Negro spirituals», eller folkemusikk skapt av dei svarte i USA.

Ein av desse er songen «Go Tell It On The Mountain» med ukjend tekstforfattar, som stammar tilbake frå 1800-talet.

Teksten har eit bibelsk innhald, men ein identifiserer seg med hyrdane, noko som tydeliggjer at songen kjem nedanfrå:

«The shepherds feared and trembled, When lo! above the earth, Rang out the angels chorus That hailed our Savior's birth.»

«Jeg er så glad hver julekveld»

Julaftan 1858 skreiv ei ung bondedotter på Hedmarken med namn Marie Wexelsen ned ein song som ho kalla «Barnas Julesong».

Seinare har songen blitt meir kjent som «Jeg er så glad hver julekveld», og er mange barns favorittsong den dag i dag.

«Deilig er jorden»

At det er ei kvinne som står bak ein av dei tradisjonelle julesongane er slett ikkje vanleg, for stort sett er dei skrivne av menn som var teologar.

Ein av desse er «Deilig er jorden», den blei skriven av den danske salmediktaren Bernhard Severin Ingemann. Dette er ein song som eigentleg handlar om ei pilegrimsreise.

«Julekveldsvisa»

Alf Prøysen

Alf Prøysen fekk oppdrag om å bringa jula ned frå himmelen til ei grå stue. Resultatet blei Julekveldsvisa.

Foto: Aktuell / Scanpix / SCANPIX

«Julekveldsvisa» er ein av dei nyare julesongane som er med i serien. Den blei skriven av Alf Prøysen i 1951, etter å ha blitt utfordra av «Magasinet for alle» om å skriva ein julesong.

Oppdraget var at han skulle «bringe jula ned frå himmelen til ei grå stue».

Dette meiner våre ekspertar at han absolutt har klart.

– Det er virkeleg ein julesong som er laga nedenfra. Den er ikkje så høytideleg og hever seg ikkje over hverdagslivet, seier Vinnes.

«Et barn er født i Betlehem»

Sjølv om Valen-Senstad og Vinnes har svært mykje kunnskap om julesongar kan dei ikkje svara på kor tid «Et barn er født i Betlehem» blei skriven. Det er det heller ingen andre som kan.

– Songen har vandra frå munn til munn og høyrt til eit felles kyrkjeleg fellesgods. Den blei brukt til å synga ute ved krybbene som dei hadde utanfor kyrkjene i mellomalderen, seier Vinnes.

På den tida dramatiserte dei juleevangeliet.

«Nå vandrer fra hver verdens krok»

Klassekameraten til den kjende forfattaren Alexander Kielland står bak julesongen frå Stavanger «Nå vandrer fra hver verdens krok».

Jonas Anton Dahl frå gamle Stavanger laga songen i 1895. Denne songen handlar også om pilegrimar desse vil nå fram til julas fred.

Høyr om den litt meir ukjende julesongen her:

«Det lyser i stille grender»

«Det lyser i stille grender» er nok ein song som er skriven på oppdrag. Det var Jacob Sandne som i 1931 fekk i oppdrag å skriva eit julehefte som skulle heita «Jul i Sunnfjord».

Det kanskje ikkje alle veit om denne kjende og kjære julesongen er at den mest truleg er skriven ein varm sommardag i 1931.

– Songen gjer deg ein varm flekk i augekroken og du kjenner det i magen, seier Fartein Valen-Sendstad, som seier at songen tar han med til barndomen.

«Her kommer dine arme små»

«Her kommer dine arme små» er ein gamal song som er skriven i 1732 av den danske salmediktaren Hans Adolf Brorson.

– Mange har nok late seg forvirra av songteksten og tenkt på små armar, men det er altså dei fattige som skal koma til Jesus, seier Fartein Valen-Sendstad.

Teksten har seinare blitt redigert for å retta opp i denne misforståinga.

«Glade jul»

Julesongen som har den mest spesielle historia er kanskje «Glade jul».

– Det var ei mus som hadde bite i stykkjar orgelbelgen slik at organisten ikkje hadde eit instrument til å spela på under julegudstenesta. Dermed dikta organisten i Austerrike i byrjinga av 1800-talet songen for å berga gudstenesta, seier Sølvi Vinnes.

Ho legg likevel til at det ikkje er visst kor sann denne historia eigentleg er.

«Mitt hjerte alltid vanker»

«Mitt hjerte alltid vanker» er nok ei skandinavisk julesalme som er skriven av den danske biskopen og salmediktaren Hans Adolph Brorson.

Den kom ut saman med fleire andre julesongar som han gav ut samstundes i eit hefte.

– Eg ser på songen som krybbemeditasjon, seier Sølvi Vinnes.

«Det hev ei rose sprunge»

Opphavet til julesongen «Det hev ei rose sprunge» er ukjend:

– Det blir likevel sagt at det var ein munk i Sør-Tyskland som ei julaftan såg ein kvit blom som han plukka og kalla for ei julerose. Ei historie som inspirerte ein annan til å skriva det som blei «Det hev ei rose sprunge», fortel Sølvi Vinnes.

«En stjerne skinner i natt»

I 1992 blei «En stjerne skinner i natt» skriven, likevel har den nærmast blitt ein klassikar.

Det var Eyvind Skeie som fekk i oppdrag å laga teksten som blei på 17. mai. Og at den er skriven på nasjonaldagen er noko ein kan merka seier eksperten vår på julesongar Vinnes:

–Ein finn eit vandringsmotiv i songen, noko som kan minna om 17. maitoget.

Den norske julesongen er oversett til fleire andre språk.

«Deilig er den himmel blå»

Songen «Deilig er den himmelblå» er ei juleforteljing frå A til Å.

Det var Nikolai Frederik Severin Grundtvig som skreiv songen, og det skjedde midt mellom to psykosar han hadde.

«Jeg synger julekvad»

Frå mellomalderen har me songen «Jeg synger julekvad» som skal ha blitt skriven av den tyske dominikanarmunken Henrik Suso

– Det er ein song full av undring og ei lengting etter trøyst, seier Sølvi Vinnes.

«O jul med din glede»

«O jul med din glede» er skriven av Gustava Kielland på 1800-talet.

Dette er ein song som er svært populær hjå barn mykje på grunn av at ein får svinga seg i aktivitet.

– Mange meiner at det var ho som innførte tradisjonen med juletreet til Norge, fortel Fartein Valen-Sendstad.

«O helga natt»

«O helga natt» blei skriven av ein vinseljar i Paris i 1847. Sjølv var han ikkje tilknytt kyrkja, men blei spurt om han kunne laga ein julesong.

Songen er svært operaprega og pompøs, men blei godt motteken av presten som ville ha den.

«Å kom nå med lovsang»

«Å kom nå med lovsang» blei nok opphavleg skriven på latin for så å bli omsett til engelsk på 1750-talet og seinare norsk.

Den norske versjonen er også kjent, men songen er ikkje lenger heilt lik den opphavlege:

– Salmane blir meir gjendikta enn dei blir omsette, seier Sølvi Vinnes.

«I en natt»

Bjørn Eidsvåg har laga ein julesong om den meir nakne bodskapen i jula.

– Han bruker ord som «ung og tapper mor», han pyntar ikkje på noko, seier Vinnes.

«I en natt» skal ha blitt skriven i Kristiansand under ein turné der han var omgitt av skrikande og skrålande julebordsfolk.

«Det kimer nu til julefest»

«Det kimer nu til julefest» er nok ein songtekst av Grundtvig frå 1800-talet.

– Gruntvig er ein ruvande dansk salmefornyar som totalt skreiv 1 500 dikt og salmar, seier Vinnes.

Denne songen er svært bibelsk med to stikkord som er David og lauvsalsfesten.

«Himlen i min famn»

«Himlen i min famn» blei skriven i 1999 med melodi av Carola og Erik Hillestad som har skrive teksten.

– I songen opplever me liv, fødsel død og smerte, seier Fartein Valen-Sendstad.

Vinnes legg til at dei meir moderne julesongane har eit anna ordval enn dei gamle tradisjonelle.

– I denne songen er det ikkje så mykje lys og stjerner, det er meir ein voggesong som stiller spørsmål framfor å gje svar, seier Vinnes.

«Nå tennes tusen julelys»

«Nå tennes tusen julelys» kjem frå Sverige og er skriven av Emmy Köhler i 1898.

Köhler har laga mange barnesongar, og denne songen er også veldig tilpassa born ifølgje ekspartane våre:

– Det er ein enkel tekst i den forstand at du ikkje treng å grubla mykje før du har bodskapen i teksten, seier Valen-Sendstad.

«Mary's Boy Child»

«Mary's Boy Child» er ein engelsk julesong, men som det også finst ein norsk versjon av.

Songen blei skriven i 1956 av Jester Hairson. Besteforeldra hans var slavar, og songen har preg frå songsjangeren Negro Spirituals.

«O Little Town of Betlehem»

«O Little Town of Betlehem» er ein song skriven etter den amerikanske soknepresten besøkte Betlehem i 1865.

– Han var der på julaftan og lot seg fasinera av det yrande folkelivet i Betlehem, rituala og luktene, seier Valen-Sendstad.

«Romjulsdrøm»

Alf Prøysen sin song om julebukk er «Romjulsdrøm».

Dette er like mykje ein song om å vera liten i romjulstida, som det er ein song med eit tradisjonelt julebodskap, seier Vinnes.

«Joy to the world»

«Joy to the world» vart skrevet av Isac Watts, som regnes som den engelske salmediktningas far, på slutten av 1600-talet.

– Han har skrevet 750 salmar som synges i dag i forskjellige sammenhengar. I norsk salmebok har vi tre av han. Dette er den mest kjente av dem for oss, seier Vinnes.

– Dette er den inernasjonale julesongen som har gått heim til folk over heile verda, seier Valen-Sendstad.

«Kimer i klokker»

– No er vi inne i den nordiske klassiske salmekanoen, seier Vinnes.

Songen er skrevet av Nikolai Grundtvik i 1856.

– Han var frykteleg gla i jula. Denne laga han i slutten av livet sitt, då han var 73 år, seier ho.

«Høyr kor englar syng frå sky»

«Høyr kor englar syng frå sky» er ei gjendiktning tett opptil orginalteksten «Hark the Herald angels sing».

Songen vart skrevet i 1734 av Charles Wesley i England. Den vart oversatt til norsk av Kjetil Fleischer.