Hopp til innhold

Denne løna sjokkerte Fellesforbundet

Ein litauar som jobba eit halvt år i Stavanger fekk i snitt 17 kroner i timen. Nå stemnar Fellesforbundet arbeidsgjevaren for 157.000 kroner.

Sjokkløn

TIMELØN PÅ 17 KRONER: I løpet av seks månader fekk litauaren som jobba i eit Stavanger-firma 12.835 kroner i bruttoløn. Litauaren hadde verken nok pengar til mat eller mobilrekningar i perioden.

Foto: Marui Friestad / NRK

For lite i løn

Distriktssekretær i Fellesforbundet i Rogaland, Torgrim Frøland, forklarar litauaren, som vil vera anonym, kor lite løn han faktisk har fått.

Foto: Mari Friestad / NRK

– 17 kroner i timen er for lite i Norge. Du har fått ei veldig lita løn, seier distriktssekretær i Fellesforbundet i Rogaland, Torgrim Frøland, på engelsk til sin litauiske klient inne på kontoret til Fellesforbundet i Stavanger.

– Ja, eg forstår. Det er ikkje særleg bra, svarar den 29 år gamle litauaren på same språk.

Han får oversett delar av den tolv sider lange stemninga mot hans tidlegare arbeidsgjevar. Her står det at han i løpet av dei seks månadane han var tilsett i bedrifta, fekk snautt 13.000 kroner utbetalt i løn.

– Noko av det verste eg har sett

– Det var vanskeleg å klara seg med så lite pengar. Eg hadde for lite til mat og telefonrekningane, seier litauaren, som gjerne vil vera anonym.

Etter nokre månader tok han ska opp med kollegaer, det var dei som råda han til å kontakta Fellesforbundet.

– Eg kjende ikkje til dei norske reglane før dette. Men etter eg snakka med kollegaene mine forsto eg at løna mi var for dårleg, derfor gjekk eg til fagforeininga som hjelpte meg, fortel han.

Og hos Fellesforbundet sperra dei opp augo då dei fekk setja seg inn i situasjonen til 29-åringen.

Øystein Hansen, LO

Distriktssekretær i LO, Øystein Hansen, seier at denne type utnytting av utanlandsk arbeidskraft skjer over alt.

Foto: RKK

– I mine 14 år i Fellesforbundet, der eg har jobba med liknande saker, er dette noko av det verste eg har sett. Det handler om underbetaling og alvorleg misbruk frå ein useriøs arbeidsgjevar, seier Torgrim Frøland.

Skulle hatt 158 kroner i timen

I kontrakten litauaren fekk då han blei tilsett i september i fjor, stod det at timeløna var på 90 kroner, sjølv om minsteløna for ufaglærde med tilsvarande erfaring er 158 kroner, ifølgje Fagforbundet.

Men litauaren fekk ikkje ein gong utbetalt dei 90 kronene i timen, som han var lova.

– Dei har i etterkant påført han ei rekke ulovlege trekk, slik at den riktige løna hans blei 17 kroner og 11 øre i timen. Han skulle hatt 158 kroner og 40 øre i timen, seier Frøland.

Nå krev litauaren å få tilbakebetalt løna han meiner han har rett på.

Fellesforbundet har mellom anna henta inn kontrakt, lønsslippar og e-postar, som dei meiner beviser at litauaren blei grovt underbetalt.

Det er LO-advokat Merete Akerø som har hatt det juridiske ansvaret for saka.

– Eg har vurdert bevisa eg har fått presentert og gjort ei vurdering. Det er basert på denne vurderinga eg har sendt inn ei stemning. Eg ville aldri tatt ut ei stemning om eg ikkje trudde bevisa var gode nok, seier Akerø.

Arbeidsgjevar nektar for ulovlege trekk

NRK har snakka med leiaren i bedrifta som nå blir saksøkt. Han innrømmer at timeløna til litauaren var på 90 kroner, men avviser dei ulovlege lønstrekka, som Fellesforbundet hevdar gav ei reell lønn på 17 kroner og 11 øre timen.

Frøland i Fellesforbundet står likevel på sitt.

– I utgangspunktet ville me løysa saka på eit lågt nivå. Derfor hadde me ein samtale med den daglege leiaren, der han avviste kravet me hadde. Han kom seinare med eit tilbod om 25.000 kroner som eit forslag til forlik. Dette avviste me, sidan me meiner han har krav på 144.000 kroner, seier Frøland.

Med feriepengar krev Fellesforbundet at arbeidsgjevaren skal betala 157.101 kroner.

– Tragisk med slike forhold

Også LO har følgt med på saka til litauaren, og kjenner godt til at utanlandske arbeidarar blir utnytta, seier distriktssekretær Øystein Hansen.

– Dette skjer langs kysten på skipsverft, me veit det skjer på Storhaug i Stavanger, me veit det skjer i Haugesund og over alt. Dette er ting me kjenner att frå fleire saker, om enn ikkje så alvorlege som dette. Det er tragisk at me skal ha slike forhold i dette landet, der me har det så godt, seier Hansen.

Trass underbetaling, valde altså den 29 år gamle litauaren å bli i Norge. Nå har han fått seg ny jobb.

– I dette landet har eg fleire moglegheiter enn i mitt eige, derfor vil eg bli. Etter fem år har eg ein god jobb som betalar godt, og eg prøver å vera ein god arbeidar, seier han og ler.