Hopp til innhold

Etterlyser vitne etter eksplosjon

Politiet er i full gang med etterforskinga etter sju postkasser i går kveld blei sprengt i fillebitar. Nå vil politiet ha tips frå publikum i jakta på gjerningspersonane.

Sandvedøygarden

Både hus og postkassar i Sandvedøygarden i Sandnes blei råka av ein kraftig eksplosjon i 23-tida sundag kveld.

Foto: Ronny Hjertås

– Me har vore i nabolaget og snakka med folk. Men så langt har me ikkje kome i kontakt med nokon som har sett kva som skjedde før eksplosjonen, fortel etterforskningsleiar Bjørn Hermansen ved Sandnes politistasjon.

Det var i 23-tida i går kveld folka i nabolaget rundt Sandvedøygarden i Sandnes vakna av ein kraftig eksplosjon. Sju postkassar var sprengt i fillebitar, fleire av bitane hadde treft husveggar og gjort stor skade. At ingen personar kom til skade var rein flaks.

Marita Elevseth

Marita Elevseth bur over vegen for postkassestativet. Kledninga på huset deira har losna etter splintane frå eksplosjonen trefte huset.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Etterforskar saka

Politiet har etterforskarar som jobbar med å finna ut kven det er som står bak ugjerninga, men førebels har dei altså lite å gå etter.

– Dersom folk har opplysingar i saka er me interesserte i å koma i kontakt med dei, seier Hermansen.

Politiet veit heller ikkje kva type sprengstoff som er brukt. Dei vil undersøka om det kan vera stole dynamitt frå byggeplassar eller bedrifter i området.

Postkassesmell

Flere nyheter fra Rogaland