Hopp til innhold

Dette er valet i Rennesøy

Her er sakene politikarane i Rennesøy er ueinige om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Bør Rennesøy innføre eigedomsskatt på hus og hytter?

For sikre kommunen større inntekter, meiner enkelte at ein bør innføre eigedomsskatt på hus og hytter. Motstandarane hevdar derimot at innbyggjarane betaler nok skatt i dag.

Bør nye bustader byggast på dyrkbar mark?

Innbyggjartalet i Rennesøy har auka kraftig dei siste åra. Mykje areal har gått med til bustadbygging, og kommunen opplever press på matjorda.

Bør kommunen legge til rette for eit motorsportsanlegg på Eltarvåg?

For å gi ungdommane i kommunen fleire tilbod, meiner enkelte at det no er på tide å få bygd eit motorsportsanlegg på Eltarvåg. Andre meiner at det ikkje kan prioriterast no.

Bør Rennesøy ta imot fleire flyktningar?

I fjor tok Rennesøy imot 12 flyktningar, det var 13 færre enn dei blei bedne om. Om lag 5000 flyktningar ventar på å få ein kommune å bu i. Enkelte meiner difor at Rennesøy bør ta eit større ansvar. Motargument er kostnaden, og at det er vanskeleg å skaffe nok bustader.

Bør Rennesøy bli del av ein storkommune på Nord-Jæren med Stavanger som kommunesenter?

Kommunesamanslåing blir ei aktuell problemstilling i perioden som kjem. For Rennesøy kan fleire alternativ vera aktuelle. Eitt er å bli del av ein stor kommune på Nord-Jæren. Eitt anna er å slå seg saman med Finnøy, Randaberg og Kvitsøy, og eit tredje er å bli ståande aleine.

Bør alle butikker i Rennesøy kunne halde opent på sundagar, dersom Stortinget tillèt det?