Hopp til innhold

– Nå skal eg heim for å roa meg

Ho har hatt fast plass på Stortinget sidan 1993. Nå skal ho ta over som fylkesmann i Rogaland.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) var samferdselsminister i si siste tid i regjeringa, nå tar ho over som fylkesmann etter Tora Aasland.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

I dag blei Magnhild Meltveit Kleppa utnemnd i statsråd som ny fylkesmann i Rogaland. Ho tar over etter stortingsperioden er ferdig neste haust.

Ei heilt ny oppgåve for den røynde politikaren.

Skal setja seg inn i oppgåva

– Nå skal eg bruka om lag eit år til å setja meg endå meir inn i oppgåvene ein har som fylkesmann.

Det var fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud som i dag utnemnde Kleppa som fylkesmann.

– Me får nå plass til ei dyktig kvinne med solid erfaring, sa ho om Kleppa, som kjem frå Hjelmeland.

Og Kleppa tar oppgåva på alvor.

– Kva meiner du er det viktigaste med å bli fylkesmann?

– Det er å vera Stortinget og Regjeringa sin forlenga arm ut i fylket. Det betyr at me fører tilsyn med at lovar og reglar blir handsama likeverdig frå fylke til fylke, og at enkeltpersonane også føler det slik.

– Dessutan har fylkesmannen viktige oppgåver når det kjem til samfunnstryggleik, beredskap og miljøspørsmål.

Magnhild Meltveit Kleppa og Rigmor Aasrud

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud utnemner Magnhild Meltveit Kleppa som ny fylkesmann i Rogaland.

– Har hatt bra samarbeid med fylkesmenner

– Eg har hatt eit godt samarbeid med fylkesmenner i dei tre departementa eg har vore innom. I samferdselsdepartementet opplevde eg at fylkesmennene også jobba motsett veg. At ein melder inn når ein ikkje er nøgd, og slik må det også vera, seier ho.

Ho trekk fram jordvern som den saka der ho fekk mest tilbakemelding frå fylkesmennene om som samferdselsminister.

– Jordvern blir vel også viktig for deg som fylkesmann, med tanke på at du kjem frå Senterpartiet?

– Det er slik at det er viktig å samarbeida på ein måte som gjer at folk får byggja og bu, men at ein også tar vare på den beste matjorda vår. Det er likevel regjeringa og Stortinget som trekk retningslinjene opp, seier ho.

Toler kritikk

Fylkesmannen får ofte kritikk for å blanda seg for mykje inn i det kommunane driv på med, og for å setja kjeppar i hjula for prosjekt som er i planlegging.

– Det er nok noko eg må tenka nøye på. Eg trur likevel eg har meir erfaring enn mange med å tola kritikk og stå i motvind, seier ho.

Ho meiner likevel at det er viktig å sjå stort på ting og ikkje engasjera seg alt for mykje på detaljar.

I ein alder av 63 kunne Kleppa trekt seg tilbake som pensjonist, ho vil likevel ta fatt på oppgåva som fylkesmann.

– Det er slik at eg har eit breitt samfunnsengasjement. Eg er opplært til å arbeida, det har eg gjort heile livet, og eg vil halda fram med dette.

– Du har hatt plass på Stortinget sidan 1993, korleis blir det å koma heim?

– Det er ekstra fint å vita at nå skal eg heim til Rogaland, og roa meg der.

Flere nyheter fra Rogaland