Hopp til innhold

Bilførar stakk av etter påkøyring

Mann alvorleg skadd etter påkøyring i Hoveveien i Sandnes.

Påkjørsel
Foto: Ronny Hjertås

– Me veit lite om kva som har hendt førebels, men arbeider med saka, seier politiets operasjonsleiar.

Klokka 18.30 kom det melding om ei påkøyring i Hoveveien i Sandnes, der ein 33 år gamal mann blei alvorleg skadd og er frakta til sjukehus.

Identiteten til mannen er førebels ikkje kjend, og tilstanden hans er framleis uavklart klokka 20.35.

Bilføraren som er skuld i hendinga skal ha stukke frå staden i ein lys bil, og er etterlyst av politiet. Politiet ønsker seg tips frå vitner.

Saka blir oppdatert.