100 personar er alt oppsagt, i tillegg kjem 80 til 90 nye personar til å bli oppsagt, men håpet er å skaffa nokre av dei ny jobb. Det seier administrerande direktør Kjetil Lønning i Odfjell Drilling.
Årsaka til oppseiingane er at boreriggen Deepsea Bergen skal over til britisk side i løpet av sommaren, og mesteparte av mannskapet skal byttast ut med britar.
I tillegg reduserer ConocoPhillips sin boreaktivitet i Ekofisk-området i sommar, seier Lønning.
Alt til hausten treng Odfjell Drilling folk igjen, og til sommaren kjem Deepsea Bergen tilbake til norsk sektor.
- Dessverre har den nye permitteringsordninga gjort det så dyrt å permittera tilsette, at vi ikkje kan gjera det, seier Lønning.
Tidlegare måtte selskapet betala for dei ni første dagane av ein permisjon, no må dei betala for tretti dagar.