Hopp til innhold

Keepertalent blir skjerma for media

Sondre Rossbach blir skjerma frå media. Klubben meiner presset på 17-åringen har blitt for stort.

Sondre Rossbach

17 år gamle Sondre Rossbach har deburtert i eliteserien med suksess. No blir han skjerma etter enormt medietrykk.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Odd sin talentfulle keeper, Sondre Rossbach, blir skjerma frå media før eliteserie-kampen mot Sogndal på sundag.

Klubben meiner at presset på 17-åringen er i ferd med å bli for stort. Frå å vere ukjent for dei fleste, så hamna han brått i medias søkelys.

Dag-Eiliv Fagermo

Dag Eilev Fagermo, trenar i Odd.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Bare den siste veka har Sondre Rossbach fått eit titalls meldingar og invitasjonar frå norske media. Det har fått trenar Dag-Eilev Fagermo til å reagere.

– Det har vore eit enormt mediatrykk på han, og han er berre 17 år.

Fagermo seier at det sjølvsagt er moro med mediainteressa, og at Rossbach må få sole seg litt i glansen etter å ha debutert i tippeligaen og gjort det bra.

– Nå har det vore to veker med eit kjempetrykk, og han er sliten. Det er trass alt kampane og treningane som er viktigast, seier Fagermo.

Keepertrening med pappa

Difor har Fagermo bestemt at Sondre Rossbach skal få ro denne veka.

17-åringen har no fullt fokus på oppgåvene i Odd. Det betyr keepertrening av pappa Einar Rossbach. Den tidlegare landslagskeeperen er ein viktig støttespelar.

– Det er ein ny situasjon, seier Rossbach.

Einar Rossbach

Einar Rossbach, keepertrenar i Odd.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Det er ikkje det same som å vere med som andrekeeper, og kanskje bli hivd innpå i kampen.

– No veit han at han skal spele, og det krev andre mentale førebuingar, seier Rossbach.

Trenar Dag Eilev Fagermo seier at Sondre Rossbach er priviligert som har ein tidlegare landslagskeeper som far og trenar.

– Det er derfor han er så god, seier Fagermo.

Han meiner det har vore viktig for Sondre Rossbach at faren har den erfaringa og interessa til å følgje opp.

Odd-fri sone i heimen

Men sjølv om far og son jobbar tett i Odd, så snakkar dei ikkje om Odd og keepertrening heime. Der er det for lenge sidan innført Odd-fri sone.

– Skal det fungere må vi ha det slik. Nå er vi på jobb her og heime så er vi far og son, seier Rossbach.

– Er det ikkje lov å snakke fotball?

– Jo, men då kan vi snakke om Manchester United og Leeds, og ikkje om Odd, seier Rossbach.