Hopp til innhold

Sjekkar laksefiskarane minst ein gong i veka

Skienselva var ein av dei beste lakseelvene i landet på 1920-talet. No er håpet at ein skal få opp att laksestamma. Men då må dei som fiskar betale for seg.

Er det ein uærleg laksefiskar her tru ?

Er det ein uærleg laksefiskar her tru?, spør Eigil Movik i Skien kommune og Ina Grubbe frå Skienselvas Elveeierlag.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Hallo! Eg skulle gjerne fått kontrollert fiskekort og betalt fiskeavgift.

Eigil Movik, fiskeoppsyn og miljørådgjevar i Skien kommune, går i land frå oppsynsbåten for å sjekke at dei som fiskar laks ved Klosterfossen har betalt det dei skal. Og dei aller fleste har alle papir i orden.

450 grunneigarar, kommunen og Grenland Sportsfiskere samarbeider om fiskeoppsynet. Minst ein gong i veka er dei ute og sjekkar både betaling og utstyret som blir bruka.

Les også:

Bent Larsen har fått ein laks på eit par kilo

Bent Larsen har fått ein laks på eit par kilo.

Fiskeavgifta går til kultiveringsarbeid

– Håpet er at me skal tilbake til gamle lakseeventyr, seier grunneigar og styremedlem i Skienselvas Elveeierlag, Ina Grubbe.

Laks tatt i Skienselva

Laks tatt i Skienselva.

Foto: Anne Lognvik

Ho legg til at dei aller fleste skjønnar det, og betalar for å drive med hobbyen sin. For få år sidan kom det berre inn nokre få tusen kroner i fiskeavgift, i fjor kom det inn over 70 000 kroner. Alt går tilbake til elva i form av laksesmolt som blir utplassert.

300 kilo laks så langt i sesongen

Målet er å få 8–12 tonn opp elva kvart år, men dei er førebels langt ifrå det målet. Men kultiveringsarbeidet gjev resultat, og smolten som er sett ut gjer at mange fiskarar får fangst.

Grunneigarar frå Bliva og Skotfoss i nord/vest til Torsbergodden i Porsgrunn og sportsfiskarlag samarbeider om å koordinere tiltak. Blant anna er det etablert både smoltanlegg, og fleire vaskeanlegg som skal hindre at lakseparasitt spreier seg i elva.

Dei godt vaksne mannfolka er i stort fleirtal, men også ein del yngre menn kosar seg med fiskestonga i Skienselva.

Fiskarar og laksestenger ved Klosterfossen i Skien

Fiskarar og laksestenger ved Klosterfossen i Skien.

Foto: Anne Lognvik / NRK