Hopp til innhold

Eit nytt juleeventyr

Snøfall: Ein julekalender om tid, mot og tilhøyrsle. Og om nissen. Han finst, sjølvsagt.

Kanskje blir nisseskulen i Snøfall sjåande slik ut? Det er endå to år til Snøfall kjem på TV.

Kanskje blir nisseskulen i Snøfall sjåande slik ut? Det er endå to år til Snøfall kjem på TV.

Det er lenge til desember 2016, men i NRK Super har dei allereie arbeidd lenge med julekalenderen som skal visast då.

- Det er eit eventyr om Selma på 9 år. Ho er foreldrelaus og bur hos den strenge fostermora Ruth. Ein dag dukkar det opp ei bru i parken ho alltid går i, og på magisk vis hamnar Selma i Snøfall. I dette riket møter ho den ordentlege julenissen, røper prosjektleiar Hege Waagbø og regissør Synne Teksum. Det blir ein serie med sitrande spenning, for nissen kjem etter kvart i stor fare, men også med masse humor, lovar dei.

Felles oppleving

- Vi vil fortelje ei god historie for norske barn og familiar. Vi rettar oss aller mest mot barna, men julekalendrane blir ofte sett av heile familien, inkludert besteforeldre. NRK har laga julekalendrar sidan 1979. Å sjå julekalenderen saman er ein viktig desember-tradisjon for mange, seier Waagbø.

No skal dei skape nye, felles minne for både familiar og nye generasjonar. NRKs julekalendrar blir sett av mange, heile 9 av 10 barn såg Julekongen i fjor, og serien fekk begeistra omtale i avisene. Lista ligg høgt.

- Serien skal forhåpentligvis bli like bra som Julekongen! Han skal leve i mange år, og vi føler ansvar for å oppfylle forventingane hos folk, seier Teksum.

Serien må vere så bra at han skapar magi også når han blir sett for 2. og 3. gong.

- Du får med deg andre ting når du er fem, enn når du er åtte. Det treng ikkje vere negativt å ha sett serien før, tvert i mot er det noko som kan skape ei kjensle av eigarskap, seier Waagbø.

- Snøfall blir magisk! Prosjektleiar Hege Waagbø er prosjektleiar og Synne Teksum er regissør.

- Snøfall blir magisk! Prosjektleiar Hege Waagbø er prosjektleiar og Synne Teksum er regissør.

Foto: Marit Holmquist Fenne

Riktig plass og personar
No går dei grundig til verks. Dei leitar etter ein stad med den rette eventyr-stemninga til Snøfall, og ikkje minst etter dei som skal fylle rollene som Selma og alle dei andre. Søknadsfristen for barnerollene gjekk nettopp ut, og snart blir det audition. Det var 2200 søkarar. Innspelingane skal begynne i februar til neste år.

Tid og mot
Det står ein familie bak manuset, far og døtrer Hagerup: Klaus, Hilde og Hanne har skrive historia om Selma. Sjå intervju med Klaus Hagerup

Nettopp familie, kva det eigentleg er, og det høyre til, er eit tema i serien. Det same er tid; kven og kva bruker du eigentleg tida di på? Det viser seg at nissane ikkje har same forhold til tid som vi og Selma er vant med, og dess nærare vi kjem den 24. episoden, dess tøffare blir kampen mot klokka: Reddast det som reddast kan, Selma må vere modig.

---

Julekalendrar åra som kjem

Snøfall er planlagt å gå med jamne mellomrom fram til ca 2030. I desember i 2014 blir det gjensyn med Månetoppen for siste gong. I 2015 blir det Julekongen igjen, før det så er Snøfall sin tur. I 2017 skal vi møte Linus og co igjen, og i 2019 kjem det igjen ein ny serie.