Hopp til innhold

Ingen overlevde flystyrt i Nigeria

Eit passasjerfly med minst 147 menneske om bord har styrta inn i ei toetasjars bustadblokk i Lagos i Nigeria. Ingen av dei om bord overlevde ulukka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Harold Denuren, sjefen for det nigerianske luftfartsverket, stadfestar ulukka. Han opplyser at flyet høyrer til selskapet Dana Air , og at ulukkesflyet var eit innanriksfly på veg frå Lagos til Abuja.

Fleire hus har fått store skadar, både bustadhus og forretningslokale. Harold Denuren seier seint i kveld at det ikkje er funne overlevande i flyvraket.

President Goodluck Jonathan har i kveld erklært tre dagars nasjonal landesorg som følgje av flyulukka.

Offer på bakken

Video 48cb53a7-4875-4c5d-8f0b-4897e4bb1bcc.jpg

Flyet styrta i eit bustadområde like ved flyplassen i Lagos.

Det velta flammar og tjukk svart røyk opp frå ulukkesstaden, fortel augevitne. Det er frykt for at ulukka kan ha kravd mange offer også blant dei oppheldt seg på bakken.

Vitna fortel at det verka som om flyet ikkje greidde å kome seg opp i skikkeleg høgde, og at det bråka uvanleg mykje. Det tok om lag fem minutt frå flyet letta til det styrta, fortel eit vitne.

Det er uklart om flyet prøvde å gjere ei naudlanding etter å ha fått problem.

Redningsmannskapet har henta ut minst ein død frå ruinane av blokka, og dei konsentrerte seg i første omgang om å finne eventuelle overlevande inne i bygningane.

Dana Air flyg denne strekninga med fly av typen MD-83 . Det blir gitt ulike opplysningar om kor mange som var om bord i flyet, men ein talsmann for redningstenesta seier at det er147. Andre har sagt at det var 147 passasjerar og eit mannskap på seks. Andre igjen seier at det er mellom 140 og 150 omkomne.

Like etter avgang

Det samla seg mange tilskodarar rundt ulukkesstaden.

Det samla seg raskt mange menneske ved ulukkesstaden i Lagos.

Foto: CKN / Afp

Ein talsmann for Dana Air stadfestar at eitt av flya deira har styrta, men kan ikkje gi fleire opplysningar bortsett frå at dei på eit tidspunktet miste kontakten med flyet

Ulukka skjedde like etter at flyet tok frå flyplassen i Abuja, og det styrta i eit bustadområde ikkje langt frå flyplassen. Alle naudetatane rykte ut til ulukkesstaden, men det vart fort klart at det ikkje var særleg sjanse til å finne overlevande.

Ein journalist frå nyheitsbyrået AP fortel at flydelar ligg spreidde over eit stort område. Ved 19-tida norsk tid brann det enno i flyskroget. Han såg to brannbilar og rundt 50 redningsarbeidarar, og eit militærhelikopter flaug lågt over ulukkesstaden. Han fortel at fleire tusen menneske har samla seg for å sjå på det som skjer.

Flyulykke i Nigeria

Det er lite håp om å finne overlevande etter flystyrten i Lagos.

Foto: GBAPTN

Sol og god sikt

Lagos er den kommersielle hovudstaden i Nigeria, og er med sine 15 millionar innbyggjarar den største byen i landet. Det var sol, god sikt og roleg ver då ulukka skjedde.

Flyplassen i Lagos er ein av dei største i Afrika med over to millionar passasjerar i året.

Flyulykke i Nigeria

Passasjerflyet styrta i eit bustadområde like etter avgang frå flyplassen i Lagos.

Foto: GBAPTN

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt