Hopp til innhold

Hosni Mubarak ligg i koma

Egypt sin nyleg avgåtte president, Hosni Mubarak, har fått slag og ligg no i koma, i følgje advokaten hans. Sjukehuset stadfestar no opplysningane.

Egypts tidligere president Hosni Mubarak

Mubarak gjekk av som Egypt sin president i februar i år.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters

83-åringen har sidan april vore innlagt ved eit sjukehus i feriebyen Sharm el-Sheikh, og etter mykje forvirring er det no klart at Mubarak har gått inn i koma.

– Eg var informert om den plutselege forverringa i Mubarak si helse, og eg er no på veg til Sharm el-Sheikh. Alt eg veit så langt er at presidenten ligg i full koma, sa Hosni Mubarak sin advokat Farid el-Deeb til nyheitsbyrået AP.

Etter først å ha avfeid påstandane som usanne, stadfestar no leiinga ved sjukehuset i Sharm el-Sheikh at ekspresidenten har gått inn i koma.

Mubarak var Egypt sin president i om lag 30 år, frå 1981 til han måtte gå av i februar i år under den egyptiske revolusjonen.

Det har lenge versert rykter om ekspresidenten sin dårlege helsetilstand. Men dette har heile tida blitt avfeid av egyptiske styresmakter.

NRK.no oppdaterer saka.

SISTE NYTT

Siste nytt