Hopp til innhold

Syria set fri hundrevis av politiske fangar

Det syriske regimet har onsdag sett fri fleire hundre politiske fangar, ifølgje ein menneskerettsaktivist.

Protester mot Syrias president Bashar al-Assad

Opprøret mot det syriske regimet har heldt fram i to månader. No set presidenten fri politiske fangar i håp om å få slutt på uroa i landet.

Foto: Nader Daoud / Ap

– Hundrevis er sette fri under amnesti. Femti av dei vart fengsla under demonstrasjonar i Banias, seier leieren for menneskerettsorganisasjonen Syrian Observatory for Human Rights, Rami Abdel Rahman til nyheitsbyrået AFP.

Syrisk poet (76) går fri

Blant dei som i dag fekk spasera ut i fridom i dag, var den 76 år gamle regimekritiske poeten Ali Derbak.

Fangane slepp fri dagen etter at president Bashar al-Assad gav amnesti til alle som har delteke i demonstrasjonane i landet, til alle medlemmer av politiske rørsler og til politiske fangar.

Framleis sit tusenvis av politiske fangar i syriske fengsel. Dei vil bli sette fri etterkvart, opplyser Rahman i Syrian Observatory for Human Rights.

Minst 8000 fengsla

Landet har i to månader vore prega av kampar mellom demonstranter og politi. Opprørarane vil ha demokratiske reformer, større fridom og krev at presidenten går av.

Ifølgje FN er over 850 menneske drepne og 8.000 pågripne sidan demonstrasjonane starta.

SISTE NYTT

Siste nytt