Hopp til innhold

– Vi visste ikkje at dei hadde tanks

Nato-sjef Anders Fogh Rasmussen beklagar at Nato tok livet av minst fem libyske opprørarar i eit flyangrep utanfor Brega.

Ei Nato-bombe slår ned utanfor Brega

Ei Nato-bombe slår ned utanfor Brega, der opprørsstyrkane oppheldt seg i går.

Foto: Ap

Libysk opprørar er sint på Nato

Denne libyske opprøraren uttrykkjer si misnøye med Nato etter angrepet.

Foto: Ben Curtis / Ap
Brega, LIBYA

Opprørsstyrkane i Libya har flytta våpen frå Benghazi til Brega.

Foto: ANDREW WINNING / Reuters
Opprørere etter Nato-angrep ved Brega

Minst fem personar er drepne, og fleire er frakta til sjukehus etter Nato-angrepet.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp
Nato-talsmann Russel Harding

Nato-talsmann Russell Harding seier militæralliansen ikkje visste at opprørarane hadde tanks utanfor Brega.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Ifølgje opprørsgeneral Abdul Fatah Younis var det både soldatar og medisinsk personell blant dei drepne i eit bombeangrep som Nato-styrkane gjennomførde ved ein feil torsdag .

Han seier opprørarane hadde informert militæralliansen om at dei ville forflytte tanksar av type T55 og T72 frå Benghazi til Brega før flyangrepet. Minst tre av desse tanksane vart trefte i flyangrepet, ifølgje soldaten Saleh Faraj.

– Det var ingen kampar på staden. Krigsflya fauk fram og tilbake, og så angreip dei oss, seier han ifølgje Sky News.

NATO: – Uheldig

Fredag ettermiddag seier Nato-sjef Anders Fogh Rasmussen at han beklagar at opprørarar vart drepne i dette «uhellet».

– Dette er ei veldig uheldig hending. Eg beklagar at liv gjekk tapte, seier han ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Rasmussen forklarar at angrepet skjedde fordi Nato har sett tanks bli brukte av Gaddafi-regimet til å angrip sivile i Libya, og strekar under at Nato er i landet for å beskytte sivile.

Visste ikkje om tanks

Dette skjer berre timar etter at Nato sa at dei ikkje vil ta direkte ansvar for at angrepet vart gjennomført.

Dei forsvarte angrepet med at området som vart angripe, var «uklart og flytande, med tunge våpen som flytta seg i alle retningar».

– Vi visste ikkje at dei hadde tanks, sa nestkommanderande for Nato-operasjonen i Libya, kontreadmiral Russell Harding.

Angrepet skjedde etter at opprørarane allereie hadde kritisert Nato for ikkje å gi nødvendig støtte i kampen mot styrkane til Gaddafi.

– Nato støttar Gaddafi

Det er andre gong på mindre enn ei veke at opprørarane skuldar Nato for å feilbombe. Laurdag vart 13 personar drepne i eit angrep ikkje så langt frå staden der det vart bomba torsdag.

No skuldar fleire opprørarar Nato for å ha skifta side i Libya.

– Nato er løgnarar. Dei står på same side som Gaddafi, sa ein opprørar på sjukehus etter angrepet i går.

Den franske utanriksministeren Alain Juppe seier det no berre er eit spørsmål om tid før Gaddafi må trekkje seg. Han meiner det einaste spørsmålet no er korleis dette skal skje.'

– Greier seg ikkje åleine

Den amerikanske generalen Carter Ham, som leiar den amerikanske afrikastyrken, trur ikkje at opprørarane ville klart seg på eiga hand.

I ei senatshøyring i Washington i går vart han spurd om kva han meinte om sjansane opprørsstyrken hadde for å klare å kjempe seg til Tripoli for å tvinge Gaddafi til å gå av.

– Det trur eg er lite sannsynleg, svarte generalen.

Kommentaren støttar opp under ei vaksande uro i USA og Europa om at konflikta i Libya ikkje kjem til å ta slutt med det første. Oppfatninga er at Gaddafi framleis har kontroll i den libyske hovudstaden, og at opprørarane er så dårleg organiserte på bakken at Nato-hjelp frå lufta ikkje er nok.

Ønskjer våpenkvile

Den tyrkiske statsministeren Recap Tayyip Erdogan ønskjer at Gaddafi-styrkane skal få høve til å trekkje seg ut av visse byar. For å få til dette, meiner han at ei våpenkvile er på sin plass.

Han ønskjer seg også korridorar for humanitære hjelpeorganisasjonar som kan gi mat og hjelp til det libyske folket.

Også Muammar al-Gaddafi har bede om ei våpenkvile, men ønsket som han presenterte i eit brev til den amerikanske presidenten Barack Obama, er avvist.

Granskar overgrepspåstandar

FN opplyser fredag at dei sender etterforskarar til Libya som skal granske påstandar om krigsbrotsverk gjort av både opprørssoldatar og soldatar lojale til Gaddafi.

Granskingsteamet på tre personar skal reise til Libya på søndag.

– Vi vil reise til både det austlege og det vestlege Libya. Etterforskinga skal vere rettferdig, upartisk og uavhengig, seier leiaren Cherif Bassiouni, som er ekspert på krigsbrotsverk.

Dei skal etter planen vere i landet i ein månad.

SISTE NYTT

Siste nytt

FNs hovedforsamling gjentar krav om palestinsk stat

FNs hovedforsamling har med stort flertall vedtatt en resolusjon som på nytt understreker palestinernes rett til en uavhengig stat.