Hopp til innhold

Norsk journalist sett fri i Libya

Den norske journalisten Ammar al-Hamdan er sett fri etter tre veker i Muammar al-Gaddafi sitt fangenskap.

Ammar al-Hamdan

Ammar al-Hamdan er fri frå fengsel, men ikkje trygg så lenge han er i Libya, seier den eine arbeidsgjevaren hans, Ny Tid.(arkivfoto).

Foto: Olsen Olav / Aftenposten

Al-Hamdan slapp fri frå fengselet i den libyske hovudstaden Tripoli rundt klokka 12.30 torsdag, melder Ny Tid i dag.

Samir Shatera ved Oslo-kontoret til Al-Jazeera fortel at Al-Hamdan ringde han like før klokka 15 i dag. Dette er det første sikre livsteiknet frå den norske journalisten sidan han vart pågripen i Libya 7.mars.

– Det vi veit, er at han er i live, at han er ute av fengsel, og at det blir jobba med å få han ut av Libya, seier han til NRK.

Ahmadvalouid Eddin

Også dei tre kollegaene Ahmadvalouid Eddin...,

Foto: Al Jazeera

Lofti Al Masoudi

..Lofti Al Masoudi...,

Foto: Al Jazeera

Kamel Al Tallou

..og Kamel Al Tallou er sleppte fri, ifølgje Ny Tid.

Foto: Al Jazeera

Shatera stadfestar også at dei tre andre er sleppte fri, og at dei skal vera i god behald, men han vil ikkje kommentera kva opplevingar journalistane har hatt medan dei var i fangenskap i Libya.

Framleis under Gaddafi-kontroll

Ifølgje Ny Tid, som også er al-Hamdan sin arbeidsgjevar, vil nordmannen bli transportert ut av Libya og inn til hovudstaden i nabolandet Tunisia i dag.

Ny Tid-redaktør Dag Herbjørnsrud strekar under at Ammar al-Hamden ikkje er trygg før han er ute av Libya.

– Han er fri frå fengselet, men fram til han kjem seg over grensa, er han under Gaddafi sin kontroll. Det gjeld alle som oppheld seg i Tripoli, seier Herbjørnsrud til NRK.

Også Herbjørnsrud fortel at dei tre andre journalistane frå Al-Jazeera, som var tekne til fange, er sleppte fri.

– Ekstremt letta

Al-Hamdan er norsk statsborgar med palestinsk og irakisk bakgrunn. Han er gift med ein norsk journalist, og jobbar som journalist og fotograf ved fjernsynskanalen Al Jazeera sitt nordiske kontor i Oslo. Han har budd i Noreg sidan 2003.

Han er også bidragsytar til Ny Tid, og skulle dekkja opprøret i Libya då han vart fengsla av Muammar al-Gaddafi sine regjerinssoldatar den 7.mars.

– Me er ekstremt letta og glade over at Ammar no er lauslaten. Dette viser at presset frå det internasjonale storsamfunnet har hjelpt, seier Ny Tid-redaktøren.

– Me takker presseorganisasjonane og norske nyheitsmedia som har vore med på å skapa merksemd om Ammar. No gler me oss berre til at han kjem heim, legg han til.

I tillegg til nordmannen, vart ein mauritaniar, ein tunisiar og ein brite arrestert. Det er framleis uvisst om dei andre tre er sett fri.

Støttemarkering i Oslo for norsk journalist

Førre veke skipa norske presseforeiningar til ei støttemarkering i Oslo for Ammar al-Hamdan.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Gav livsteikn

Måndag kom det første livsteiknet frå al-Hamdan. Ein fengsla kollega ringde då til Al Jazeera sitt hovudkontor og fortalde at dei var saman i fengselet og ved god helse.

Utanriksdepartementet vil torsdag ikkje uttala seg om al-Hamdan si sak.

– Me ønskjer ikkje å kommentera dette, og me kan korkje stadfesta eller avsanna om han er sett fri, seier pressekontakt Frode Andersen til NTB.

Fire journalistar frå amerikanske The New York Times fortel om sine opplevingar i fangenskap i Libya i ein ny video.

SISTE NYTT

Siste nytt