Hopp til innhold

– ETA er sterkt svekt

– Erklæringa om våpenkvile frå ETA var ikkje uventa, fordi organisasjonen er sterkt svekt dei siste åra, seier ETA-ekspert Marcus Buck.

Videoen til ETA vart lagt ut på Internett.

ETA la i dag ut ein video på Internett der dei erklærer våpenkvile.

Foto: RAFA RIVAS / Afp

Marcus Buck

Marcus Buck meiner erklæringa om våpenkvile ikkje kom uventa.

Foto: NRK

Buck er førsteammansuensis ved Universitetet i Tromsø, og han har fylgt utviklinga i den baskiske separatistorganisasjonen tett dei siste åra.

LES OGSÅ: ETA erklærer ny våpenkvile

- Erklæringa om våpenkvile var nærmast venta. Det har kome signal frå både innanriksdepartementet og media om at noko har vore på gang, seier han til NRK.

Han forklarar svekkinga av ETA på denne måten:

Spanske og franske styersmakter har gjennom fleire arrestasjonar eigentleg knekt toppleiinga i ETA i løpet av dei siste to åra. Den politiske fløya av ETA, partiet Batistuna, er også lamma.

Buck meiner det ikkje er grunn til å vere for optimistiske med omsyn til om våpenkvila kjem til å vare. Han minner om at ETA har erklært fleire våpenvkiler tidlegare, men at dei alltid har gått tilbake til væpna aksjoner etter ei tid.

Buck meiner at håpet no ligg i at det kan kome i gang forhandlingar som har vore i Nord-Irland, men at det er mange ting som kan kome i vegen for ein slik prosess.

SISTE NYTT

Siste nytt