Hopp til innhold

Droppar rakettar i Kaliningrad

Russland kjem likevel ikkje til å plassere ut Iskander-rakettar i den russiske enklaven Kaliningrad.

Russland viser fram Iskander-rakettar under ein militæparade i Moskva i april 2008.

Det blir likevel ikkje utplassert Iskander-rakettar i Kaliningrad, seier kjelder i den russiske generalstaben.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Det er det russiske nyheitsbyrået Interfax som melder dette, og siterer kjelder i generalstaben.

Årsaka til dette er, etter det Interfax kjenner til, det landet oppfattar som ei endring i den amerikanske utanrikspolitikken, også når det gjeld rakettskjoldet, som den nye administrasjonen i Washington står for.

Les også:

Russland kan legge raketter på is

Svarer med raketter i Kaliningrad

Russland har trua med å utplassere rakettar i Kaliningrad, ein russisk enklave trengt inn mellom Litauen og Polen ved Austersjøen, som svar på dei amerikanske planane om eit rakettskjold.

- Vi har stansa arbeidet med å utplassere desse rakettane i samband med at den amerikanske administrasjonen ikkje køyrer på for å etablere eit rakettskjoldsystem i Aust-Europa, seier den anonyme kjelda i den russiske generalstaben.

Planane om eit amerikansk rakettskjold i Aust-Europa har vore med på å forsure forholdet mellom USA og Russland. Dette nye russiske utspelet blir sett på som eit russisk forsøk på å betre forholdet mellom dei to landa no når Barack Obama har teke over som president.

- Om dette blir offisielt stadfesta av Kreml, er dette eit positivt steg, seier USAs NATo-ambassadør Kurt Volker i ein kommentar.

USA har heile tida sagt at rakettskjoldet ikkje er retta mot Russland, men som eit forsvar mot angrep frå land som Iran og Nord-Korea.

Russland har ikkje trudd på dei amerikanske forsikringane, og har sett på rakettskjoldet som ein direkte trussel mot landet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt