– Det må to partar til for å skape fred. Planane ligg klare, no må dei berre settast ut i live, sa Angela Merkel då ho møtte Ukrainas president Petro Porosjenko i Kiev i dag.
Meir enn 400.000 menneske er på flukt, og over 2000 drepne i kampane i Aust-Ukraina. Det har etter kvart vakse fram ei djup krise i området, der styrker som ønskjer tettare band til Russland kjempar mot ukrainske regjeringsstyrkar.
Lover fire milliardar kroner
Ifølge Reuters hadde Angela Merkel med seg ein solid lovnad til Ukraina. Fire milliardar kroner skal EU gi til å bygge opp att Aust-Ukraina etter fleire månader med kampar.
Til det frammøtte pressekorpset var Merkel meir oppteken av å finne løysingar på konflikten enn å diskutere nye EU-sanksjonar mot Russland, men ho sa det ikkje var umogleg at nye sanksjonar kan kome.
Ukrainas president Petro Porosjenko sa etter møtet at han var villig til å inngå eit tett samarbeid med EU for å skape fred i landet.
– Ukraina og EU vil gjere alt for å få fred, men det skal ikkje vere på kostnad av suverenitet, territoriell integritet og Ukrainas sjølvstende, sa Porosjenko på ein pressekonferanse etter møtet.
Merkel la også vekt på at suvereniteten er absolutt naudsynt for Russland å respektere, og ho gjorde det også klart at EU ikkje har endra syn på Russland si annektering av Krim-halvøya i vinter.
Merkel skal knytte tette band
Hovudkjelda til den pågåande konflikten er Ukrainas flørt med EU. Pro-russiske krefter i Ukraina vil ikkje bevege seg vestover, medan det nye regimet i landet lenge har hatt lyst til å binde sterkare band til EU.
Dagens møte mellom Merkel og Porosjenko skjer berre tre dagar før Porosjenko skal ha møte med Russlands president Vladimir Putin.
Ekspertar på europeisk politikk meiner at Merkel no er nøydd til å styrke forholdet mellom Kiev og EU, før Porosjenkos møte med Putin. Om ikkje kan EU risikere at Russland klarer å skape splid mellom Ukraina og EU, seier politiske analytikarar til nyheitsbyrået AFP.
Det er i både russisk og europeisk interesse å ha Ukraina med på laget. Det store landet vert ofte omtalt som Europas kornkammer, og med sine 45 millionar innbyggjarar er det absolutt ingen miniputtstat. Men banda til Russland har lenge vore tettare enn banda til EU, og russiske politikarar gjer det dei kan for å la det vere slik.
– Russland tok med seg våpen frå Ukraina
Russland har lenge blitt skulda av ukrainske og vestlege aktørar for å støtte opp om opprørarane i Aust-Ukraina. Og seinast i går hevda Nato at russiske styrker hadde kryssa grensa inn til Ukraina. Det skal ha skjedd kort tid etter at ei omstridd russisk hjelpkolonne køyrde inn i Ukraina.
Handlinga vart kalla «ein invasjon» av ukrainske styresmakter, medan Russland meinte hjelpekolonnane ikkje kunne vente lengre på grønt lys. Laurdag kom meldingar om at kolonnen hadde kome tilbake att til Russland etter å ha levert lasta si.
Ein ukrainsk talsperson hevdar at dei russiske lastebilane tok med seg utstyr frå ulike våpenlager i dei pro-russiskkontrollerte områda aust i landet, før dei køyrde tilbake att til Russland. Påstanden er ikkje er førebels ikkje stadfesta av andre.
Både EU og USA var raskt ute med å fordømme Russlands avgjersle om å sende inn kolonnen, og FNs generalsekretær Ban Ki-Moon meinte det var uheldig at ein av partane i konflikten utførte handlingar som ikkje var klarerte med alle partar på førehand.