Hopp til innhold

– Heile Snowden-saka er flau for Obama

Snowdens avsløringar er flaue for USA, og for amerikanske journalistar har situasjonen berre blitt verre og verre under Obamas regjeringstid. Det meiner den anerkjente harvardprofessoren Stephen Walt.

Stephen Walt om Snowden

Stephen Walt meiner Snowden-saka er flau for USA.

At USA spionerer på andre land er ikkje noko overrasking, heller ikkje for Kina og Russland, meiner Walt. Det er mengda av den omfattande overvakinga som er den viktigaste nyheita ifølgje statsvitaren.

– Det som er viktig i desse avsløringane er kor utbredt den amerikanske aktiviteten er, og også det at mykje av denne informasjonen er innhenta frå amerikanske borgarar også. Det er det som er den verkelege avsløringa i denne saka, seier Walt.

HØYR REPORTASJE SENDT I «VERDEN PÅ LØRDAG» 29.JUNI:

Varslaren Edward Snowden

Varslaren - Edward Snowden

– Flaut

Walt meiner den store jakta på Snowden er eit forsøk frå amerikanske styresmakter om å vise andre moglege varslarar at konsekvensane kan bli alvorlege.

Men uansett årsak for den omfattande leitinga, så meiner professoren at USA sit at med svarteper på fleire punkt, og at Obama-administrasjonen sannsynlegvis er flaue for måten saka har utvikla seg.

– Heile affæren har vore flau for USA. Spesielt fordi USA har prøvd å leggje press på Kina på grunn av deira internettaktivitet og bruk av digital spionasje. At det no vert avslørt at USA har gjort det same, det skadar amerikanarane, seier Walt.

(Saka held fram under biletet)

Edward Snowden og cipher-tekst over hele

Det er få som veit kor Edward Snowden er akkurat no. Den 30 år gamle mannen er etterlyst for spionasje i USA.

Foto: The Guardian / Reuters

– Illusjon at USA kan kontrollere heile verda

Den amerikanske statsvitaren har den siste tida vore på rundreise i Europa, men får likevel tid til å følge med på Snowden-saka som rullar i heimlandet. Han meiner heile saka syner at USA ikkje nødvendigvis alltid kan få det slik dei vil.

– USA har stor påverknad i verda i dag, men det er ein illusjon å tru at USA, eller eit anna land kan kontrollere heile verda. At ikkje Russland og Kina utleverer Snowden syner at det er grenser for kva USA kan vente seg av desse landa.

Walt trur ikkje Snowden-saka har endra på tilhøva mellom dei tre stormaktene, sidan han antar at spionasjen som har blitt avslørt eigentleg var velkjent for alle frå før av.

Men dei som har fått livet endra på grunn av jakta på varslarar er amerikanske journalistar. Og det har blitt stadig verre under Obamas presidentembete, meiner Walt.

– Obama-administrasjonen har lagt mykje meir press på journalistar og straffeforfølgt fleire. Dette har ein stor effekt på andre journalistar. Det vert vanskelegare for dei å gjere jobben sin, og det er ikkje bra for demokratiet at journalistar ikkje kan gå etter hemmelegheiter som dei høyrer om og jobbe for å avsløre dei, seier Walt.

– Kildenettet tørkar ut

Erling Borgen

Erling Borgen meiner Snowden-saka og klappjakta på andre varslarar har gjort jobben mykje vanskelegare for amerikanske journalistar.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

Journalist og dokumentarskapar, Erling Borgen har same inntrykket som Walt, og fekk nyleg stadfesta dette inntrykket, etter møter med amerikanske journalistar.

– Kildenettet for undersøkjande journalistikk er i ferd med å tørke fullstendig att. Ein ting er overvåkingsskandalen som er avdekka, ein annan ting er at Obama i journalistkretsar vert stempla som den president som har angripe ytringsfridomen ved å bruke spionparagraf både mot journalistar og varslarar, seier Borgen

Han seier at Obamas måte å handtere varslersakene på har ført til at dei som tidlegare har leke informasjon no er livredde for å lekke noko som helst, og at det hindrar journalistane, som er avhengige av kjelder, frå å gjere jobben sin.

Borgen fortel vidare om anerkjente journalistar som ikkje lenger kommuniserer med sine intervjuobjekt per telefon eller e-post, men som berre møter dei ansikt til ansikt. Avsløringa av amerikansk spionasje på nyheitsbyrået Associated Press har også skapt sterke reaksjonar blant amerikanske journalistar.

Høyr heile intervjuet med Erling Borgen i «Verden på Lørdag».

SISTE NYTT

Siste nytt