Hopp til innhold

– Eg har aldri sett noko liknande

Personar som oppheldt seg i nærleiken, blei slengde bakover og trudde dei var offer for ei atombombe då gjødselfabrikken i Texas eksploderte.

Erick Perez spilte egentlig basketball sammen med noen venner. Da de så brannen begynte han å filme mot stedet. Med mobilen fanget han da selve eksplosjonen i Waco, Texas.

SJÅ VIDEO: Eric Perez spela basket med venene då det small på ein gjødselfabrikk i nærleiken. Han fanga den dramatiske eksplosjonen på video.

– Det var som om ei atombombe gjekk av. Ei stor og typisk soppsky steig til vêrs, fortel ordførar i småbyen West, Tommy Muska til CNN.

Den massive eksplosjonen fann stad på ein gjødselfabrikk i Waco i Texas rundt klokka fire natt til torsdag norsk tid.

Politiet frykta først at så mange som 70 personar kunne ha mista livet. Dette talet vart torsdag justert ned til mellom 5 og 15. Fleire hundre menneske skal vera såra.

– Eksplosjonen likna ikkje på noko eg har vore vitne til før. Denne bygda er verkeleg hardt råka, seier 21-åringen Erick Perez til CBS News.

( Sjå Erick Perez sin video frå eksplosjonen øvst i saka )

– Regna glødande kol

Perez er ein av dei 2800 innbyggjarane i West, og spela korgball med venene sine på ein skule i nærleiken då det først begynte å brenna på fabrikken.

Ingen av dei brydde seg særleg med brannen, før dei såg at røyken frå anlegget etterkvart skifta farge.

Så small det.

På grunn av trykket som oppstod blei både Perez, nevøen og venene hans umiddelbart kasta i bakken.

Glødande kol, bygningsrestar og splintar kom deretter haglande ovanifrå.

– Det var som å vera inne i ein tornado. Over alt flaug det gjenstandar gjennom lufta, fortel Debby Marak til Sky News.

Det brenner kraftig i ruinene av gjødselfabrikken

Det brenn kraftig i ruinane av gjødselfabrikken i Waco, Texas, som gjekk i lufta torsdag ca. klokka fire norsk tid.

Foto: MIKE STONE / Reuters

Huset rista 80 km unna

Bygningar i fleire kvartal rundt fabrikken er lagde i ruinar. 10-15 bygningar er fullstendig raserte og truleg er det store skadar på 50 bustadar, opplyser krisehandteringssjef George Smith.

Sjølv Brad Smith, som bur heile 80 kilometer unna, kunne kjenna at eksplosjonen fekk huset til å rista.

– Me visste ikkje kva som hadde skjedd. Vêrmeldinga varsla om at det var torevêr på veg. Eg og kona mi såg opp og tenkte «kom uvêret sekst timar for tidleg?», fortel Smith til CNN.

Innesperra i brennande ruinar

Ein sjukeheim med 133 bebuarar kollapsa fullstendig som følgje av eksplosjonen som fann stad rundt klokka fire natt til torsdag norsk tid.

Torsdag føremiddag jobbar naudetatane framleis på spreng for å redda ut folk som er innesperra i samanrasa bygningar, og for å sløkkja dei mange brannane i området.

Halve byen er evakuert, og gass og straum til området er kutta for å unngå nye branntillaup. Årsaka til den øydeleggjande eksplosjonen er førebels ukjend.

Mange skadde etter eksplosjon nær Waco, Texas

Ein av dei mange skadde blir frakta inn for behandling ved Hillcrest Baptist sjukehus i Waco.

Foto: Jerry Larson / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt