Hopp til innhold

Skokastar fekk eigen statue

Den irakiske journalisten som kasta skoa mot president George W. Bush, har fått ein eigen statue.

Skokastar fekk statue
Foto: Mahmud Saleh / AFP

Det var då Bush var på avskjedsbesøk i Bagdad i desember, at journalisten Muntazer al-Zaidi gjekk til aksjon.

På ein pressekonferanse i den irakiske hovudstaden kylte den 29 år gamle fjernsynsjournalisten begge skoa mot den amerikanske presidenten, og ropte at Bush var ein hund .

Video nsps_upload_2008_12_14_20_34_11_239.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Illsint reporter kastet sko på Bush

Sidan den gong har al-Zaidi sete fengsla i Bagdad. Han risikerer opptil 15 års fengsel for åtaket.

- Uttrykk for takksemd

No har han derimot fått oppmuntring i form av eit to meter høgt monument til ære for gjerninga.

Monumentet er i bronse, veg halvtanna tonn og har form som ein sko.

Bronseskoen, som hyllar al-Zaidi i ein inskripsjon, vart avduka i byen Tikrit på torsdag.

- Denne statuen er eit uttrykk for takksemda vår overfor Muntazer al-Zaidi. Irakiske hjarte gler seg over skokastinga hans, seier ein av initiativtakarane til monumentet, Fatin Abdul Qader.

SISTE NYTT

Siste nytt