Hopp til innhold

- Russland bombar igjen

Russiske styrkar har sprengt ei jernbanebru 45 kilometer frå hovudstaden Tbilisi i Georgia, melder georgiske styresmakter.

Russiske troppar blokkerer veien mot Gori
Foto: Mikhail Metzel / AP

Øydeleggingane hindrar togtrafikken i landet, ifølgje ein talsmann for innanriksdepartementet i Georgia.

Russarane avviser skuldingane og seier det no er "fredstid", og ikkje tida for å sprengje bruer.

- Vi utfører ingen bombingar. Eg tek fullt ansvar for å seie at dette ikkje kan vere tilfelle, seier nestkommanderande Anatolij Nogovitsyn i generalstaben.

Opplysningane om jernbanebrua er ikkje stadfesta frå uavhengig hald, men ein Reuters-journalist hevdar han såg styrkar på veg mot området der brua ligg i går.

Russiske styresmakter har i dag motteke eit dokument som syner at president Mikhail Saakasjvili i Georgia har skrive under våpenkvila med Russland. Russarane kravde å få sjå underskrifta til Saakasjvili før dei ville signere avtalen.

Les: - Vil se Saakasjvilis signatur

- Held fram demilitariseringa

Utanriksmedarbeidar Morten Jentoft i Moskva trur russarane framleis ønskjer å redusere den militære evna til Georgia for framtida.

- Russarane held fram med det dei har sagt dei vil gjere. Dei ønskjer ei demilitarisering av områda rundt Sør-Ossetia og i nærleiken av Abkhasia.

- Den moglege sprenginga av ei jernbanebru kan russarane seie vart gjort for å hindre georgiarane å køyre troppar fram mot Sør-Ossetia. Vi har også sett at dei har sprengt det dei hevdar er militærlager og militære stillingar rundt byen Gori med den same argumentasjonen, seier Jentoft.

SISTE NYTT

Siste nytt