Hopp til innhold

- Unnskyld oppstyret

Etter seks veker som gislar hos Taliban, kom 19 nedstemde sørkoreanarar heim søndag morgon.

Eit frigjeve sørkoreansk gissel møter familien i ANyang

Eit frigjeve sørkoreansk gissel møter familien i Anyang.

Foto: HAN JAE-HO / REUTERS

Dei uttrykte sorg for dei to drepte kameratane sine, og orsaka oppstyret dei har vore årsak til.

- Vi orsakar overfor folket og regjeringa for alle problema vi har laga, og vi takkar alle som har hjelpt oss med å få komme trygt heim, sa Yu Kyeong-sik til journalistar på flyplassen Incheon.

- Vi står i gjeld til landet og folket, sa ho vidare.

Sjå også: Gislene satt fri

Senka hovud

Alle dei andre gisla sto bak Yu med bøygde hovud, mens dei heldt bilete av dei to som vart drepne i gisseldramaet.

Dei 19 vart sette fri i grupper etter at Sør-Korea inngjekk ei avtale med kidnapparane. Dei kom samla heim til Sør-Korea frå Dubai, der dei hadde overnatta etter å ha blitt transportert ut av Afghanistan i eit FN-fly.

Sjå også: Gislar på veg heim

Familien til dei to drepne gisla held bileta av dei på flyplassen i Sør-Korea.

Familien til dei to drepne gisla held bileta av dei på flyplassen i Sør-Korea.

Foto: KIM JAE-MYOUNG / AFP

Kondolerte

Med tårer i auga kondolerte Yu familiane til dei to som vart drepne.

Etter den vesle pressekonferansen på flyplassen vart dei frigjevne gisla køyrd til eit sjukehus i Seoul for å gjennomgå ein sjekk.

Der fall dei saman i armane til sine pårørande, som jubla då dei kom inn i resepsjonsrommet.

Ønskjer ro

Samstundes som han orsaka seg overfor det sørkoreanske folket, ba Yu nasjonen om å la dei få litt fred før dei fortel alt dei har vore gjennom.

 

Fredag fortalde dei likevel litt. Dei skal ha blitt delte i grupper og flytta heile tida for at ikkje styresmaktene skulle finne dei.

Dei fekk for lite mat og frykta konstant for liva sine. Først etter at dei vart sette fri fekk dei høyre om at to av dei hadde blitt drept.

Sonen og dottra til Suh Jeong-Bae vart heldne som gislar i Taliban.

Sonen og dottra til Suh Jeong-Bae vart heldne som gislar i Taliban.

Foto: KIM MI-OK / AFP

- Naiv kyrkje

Det seks veker lange dramaet har tatt all merksemd i heimlandet til gisla. Mange har tent lys og vaka for gisla, mens andre har kritsert kyrkja for å ha eit naivt syn på verda og laga problem for regjeringa.

Nettsidene til dei protestantiske kyrkjene i Sør-Korea og dei største internettportalane har fått tusenvis av meldingar som seier at gruppa har seg sjølv å takke for å ha ignorert regjeringa si åtvaring og for å ha sendt hjelpearbeidarar til eit openbert livsfarleg område.

Løysepengar

Dramaet starta då gruppa på 23 sørkoreanske kristne vart bortført av Taliban då dei var på veg til Kandahar.

To menn vart drepne av kidnapparane fordi krava deira ikkje vart innfridd, og to kvinner vart sette fri sist månad.

Ein leiar frå Taliban hevdar Sør-Kora betalt 20 millionar dollar til Taliban for gisla, noko sørkoreanske styresmakter tilbakeviser.

Les også: - Betalte Taliban for å frigi gisler

Det Sør-Korea seier dei har gått med på for å få frigjeve gisla, er at dei skal trekkje ut styrkane sine frå Afghanistan innan utgangen av året, og hindre andre koreanarar i å reise til Afghanistan for å misjonere.

Sørkoreanske soldatar skulle uansett trekkjast ut av Afghanistan, og styresmaktene har vanlegvis åtvara koreanske kristne mot å reise til landet.

De 19 sør-koreanske gislene
Foto: YONHAP / REUTERS

 

SISTE NYTT

Siste nytt