Hopp til innhold

- Semje om lånepakke til Irland

Det er oppnådd semje i EU om ein internasjonal lånepakke til Irland. Det kriseråka landet får dermed 85 milliardar euro til å få økonomien på fote igjen.

Irane protesterer mot regjeringa

Trass i redningspakken frå EU, må den irske staten spara enorme summar i løpet av dei neste fire åra. Det fell ikkje i god jord hjå den irske befolkninga.

Foto: PETER MUHLY / Afp

Det opplyser ein diplomat som har delteke i forhandlingane til nyheitsbyrået AFP.

– Planen er klar til å bli diskutert og vedteke i dag, seier kjelda.

Finansministrane i EU skal møtast i Brussel klokka 13 søndag for
å diskutera støttepakken. Det er på førehand venta at EU-landa vil slutta seg til avtalen.

Får 690 milliardar

Irland vil dermed få eit lån på 85 milliardar euro, eller rundt 690 millionar kroner, til støtte for bankar som er truga etter at den irske bustadbobla brast.

Representantar frå Irland, EU og Det internasjonale pengefondet (IMF) var i ferd med å forhandla ferdig avtalen i Dublin i går, medantitusenvis av menneske protesterte i gatene.

Irland skal i tillegg spara heile 15 milliardar euro, eller 123 milliardar kroner på fire år. Det kom fram då regjeringa nyleg la fram ein omfattande spareplan som er ein føresetnad for at landet skal få ein redningspakke frå EU.

Først Hellas

Det er andre gong i år at eit EU-land må hjelpast ut av finanskrisa med enorme støttetiltak.

Det første landet var Hellas, som i mai fekk ein redningspakke til ein verdi av 110 milliardar euro. Det er om lag 890 milliardar kroner etter
dagens kurs, melder NTB.