Hopp til innhold

Snakkar ut om Utøya-flukta til BBC

AUF-leiar Eskil Pedersen får kritikk for vala han tok den 22. juli. I ein BBC-dokumentar snakkar han i kveld ut om flukta frå Utøya med båten MS Thorbjørn.

Video BBC-intervju med Eskil Pedersen

AUF-leiar Eskil Pedersen snakkar ut om den kritiserte flukta frå Utøya i ein BBC-dokumentar i kveld. Her kan du sjå ein lengre del av intervjuet.

Eskil Pedersen har måtte tola krass kritikk for måten han, som leiar for organisasjonen, forlét Utøya med ferja då Anders Behring Breivik starta sin massakre den 22. juli 2011.

I ettertid har han stort sett vore atterhalden med detaljar kring det som skjedde om bord på MS Thorbjørn.

Men i eit langt og openhjartig intervju med den britiske fjernsyns- og radiokringkastaren BBC fortel Pedersen om dramatikken, og om kritikken han har fått i etterkant.

Pedersen forsvarar flukta og seier dei som var der, ikkje kan forstå.

– Eg trur eg handla slik folk gjer i slike situasjonar. Ein handlar på instinkt. Eg gjorde som eg blei fortald og gjekk om bord i båten, med bakgrunn i den informasjonen eg hadde på det tidspunktet, seier Pedersen i intervjuet med BBC som NRK har fått.

Video Eskil Pedersen snakkar ut om kritikken til BBC

SJÅ VIDEO: – Han hadde studert meg, og ville drepa meg. Det er det viktig å ta omsyn til, seier Eskil Pedersen på spørsmål frå BBC om kvifor han reiste frå Utøya med ferja MS Thorbjørn.

Bjørn Ihler

AUFaren Bjørn Ihler meiner det var feil av Eskil Pedersen å dra frå Utøya med ferja då massakren starta.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Adrian Pracon fra Skien overlevde terroren på Utøya

«MS Thorbjørn var vårt einaste håp om å koma oss vekk og no hadde den reist frå oss», skriv fylkessekretæren i Telemark AUF, Adrian Pracon, i boka si 'Hjertet mot steinen'.

Foto: NRK

– Som om kapteinen forlét skuta

Bjørn Ihler (20) frå Oslo AUF overlevde massakren på Utøya etter å ha gøymd seg ved Sørspissen av øya. Han er blant dei som meiner det var feil av AUF-leiaren å flykta med båten.

– Det er lett å seia at det er det folk ville gjort, at dei fleste ville ha flykta frå staden. Men dette var leiaren for gruppa på øya. Det er som om kapteinen forlèt skuta, seier Ihler til BBC.

Adrian Pracon, fylkessekretæren i Telemark AUF, sette spørsmålsteikn ved MS Thorbjørn si ferd.

Det var «ikkje til å fatta» at ferja – med AUF-leiaren om bord – forsvann utan å ta med fleire, skriv han i den nylanserte boka si om 22. juli-marerittet: «Hjertet mot steinen».

«MS Thorbjørn var vårt einaste håp om å koma oss vekk og no hadde den reist frå oss», skriv 22-åringen, som blei skoten i skuldra og overlevde ved å spela død.

Pracon presiserer overfor NRK at desse orda i boka ikkje var meint som kritikk, men at han stilte seg uforståande til at båten – som heile tida hadde gått mellom Utøya og Utvika – plutseleg enda kurs 22. juli.

– Eg var hovudmålet hans

Ferja rygga ut frå kaien med dei ni om bord rundt klokka 17.30, om lag eit kvarter etter at Breivik kom i land med den same båten.

– Gjerningsmannen har fortalt i avhøyr at eg var hovudmålet hans på Utøya. Han hadde studert meg, og ville drepa meg. Det er det viktig å få med.

Pedersen meiner alternativa til å reisa med båten heller ikkje var særleg gode.

– Det eine alternativet var at eg gjekk og konfronterte skyttaren. Eg trur me alle forstår kva resultatet av det ville vore. Det andre alternativet var å gøyma seg. Då ville det vore umogleg for meg å ringja mine kontaktar for å bidra til ei raskare mobilisering.

Medan ferja låg i Tyrifjorden ringde fleire frå øya og bad dei om å snu. Men båten snudde ikkje. I dag hugsar ikkje Pedersen kven som tok avgjerda om ikkje å dra tilbake.

Uansett er det lite gagn i å diskutera kva som burde ha blitt gjort annleis, meiner han.

– Det er svært vanskeleg å diskutera dei vala folk gjorde den dagen og kva som kunne ha blitt gjort annleis. Det er eit hypotetisk spørsmål som berre gjev hypotetiske svar. Det er umogleg å gå tilbake i tid når me i etterkant har alle svara, seier 27-åringen.

Eskil Pedersen

Eskil Pedersen ser lite gagn i å sjå på dei avgjerdene som vart tekne på Utøya i etterpåklokskapens lys.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

– Teppe av død over øya

AUF-leiar Eskil Pedersen reagerte sterkt då Aftenposten den 7. januar i brukte hemmelege avhøyrsdokument til å fortelja historia om han og dei åtte andre som flykta frå Utøya med ferja MS Thorbjørn den 22. juli.

– Personleg gjer det frykteleg vondt å oppleva at Aftenposten lagar ei sak basert på blant anna mitt hemmelege avhøyr der eg trudde eg gav fortruleg informasjon for å hjelpa politiet, skreiv Pedersen i bloggen sin.

I dag, dagen før rettssaka startar i Oslo tingrett, fortel han sjølv om korleis grusomheitene utarta seg på den hjarteforma øya i Hole kommune i Buskerud.

Pedersen sat i annan etasje i Hovudhuset på Utøya og følgde lamslått med på fjernsynsdekninga av eksplosjonen i Oslo då Breivik fyrde av sine første av minst 110 dødelege skot på Utøya.

Han trudde først det var leirdeltakarar som slo inn ein spikar med hammar, men forstod raskt at dette måtte vera lyden av våpenskot.

– Eg stengde døra og berre stod der i nokre sekund, før rådgjevaren min ropa at eg måtte sprengja ned til båten. Det var den einaste informasjonen eg hadde då, så eg sprang ned og ut på framsida av bygget utan sko.

Synet som møtte han der var uverkeleg, vondt og forvirrande:

– Eg hugsar at det regna, var tåkete og totalt stille. Eg høyrde ingenting. Det var som om eit teppe av død hadde lagt seg over øya, og at eg var den einaste personen der, minnast Pedersen.

Hovudhuset på Utøya

Eskil Pedersen sat inne i hovudhuset på Utøya og såg fjernsynssendingane om eksplosjonen i Oslo då Anders Behring Breivik starta massakren den 22. juli.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Såg dei første offera

I tåkedisen mellom hovudhuset og ferjeleiet får han auge på to døde kroppar, politimannen Trond Berntsen og «Mor Utøya» – Monica Bøsei.

– Eg hugsar ei kjensle av at nokon stod bak meg, og at eg kunne bli skoten kva tid som helst. Så sprang eg inn på båten som låg ved brygga. Det var åtte personar om bord frå før, som ropa til meg at eg måtte leggja meg flat, fortel Pedersen.

Medan dei låg i skjul på ferja blei AUF-leiaren også opplyst om at politimannen som skaut hadde massevis av våpen og ammunisjon, og at det var to andre skyttarar på veg til øya.

Tusen tankar fòr gjennom hovudet til AUF-leiaren. Først eksplosjonen i Oslo, så ein politikledd drapsmann på Utøya. Kunne det vera ein samanheng? Var det eit statskupp dei var vitne til? Var politiet og forsvaret impliserte?

– Med den informasjonen me har i dag forstår eg at dette kan framstå som ekstreme og bisarre tankar. Men me bur i Noreg, som aldri har vore råka av store terroråtak før. Når Utøya, som eg rekna som ein av dei tryggaste plassane i verda, var under åtak, var det vanskeleg å ta noko som helst for gitt lenger, fortel Pedersen til BBC.

Rørslene til AUF-ferja MS Thorbjørn og beredskapen på Utøya den 22. juli blir granska av 22. juli-kommisjonen. Den regjeringsoppnemnde kommisjonen skal levera si evaluering av hendingane den 22. juli innan 10. august i år.

MS Thorbjørn

Ni personar redda livet då dei flykta frå Utøya med AUF-ferja MS Thorbjørn den 22. juli.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.