Hopp til innhold

Politiet etterforskar terrorlekkasje

Fleire vitne vil ikkje forklare seg etter lekkasjar av politiavhøyra om 22. juli-terroren i pressa. Politiet etterforskar no lekkasjane.

Aftenposten-artikkel

Ei Aftenposten-artikkel om dramaet på MS Thorbjørn har skapt sterke reaksjoner, ettersom artikkelen er basert på lekkasjar frå vitneavhøyr.

Foto: Skjermdump

Avisartiklar basert på lekkasjar frå politihøyr har den siste tida blitt eit aukande problem for politiet. Vitneavhøyr frå ungdommane har skapt kraftige reaksjonar etter ein Aftenposten-artikkel laurdag.

No går politiet gjennom rutinane, og har starta etterforsking for å kome til bunns i saka.

Fleire trekk seg

Politiadvokat Pål-Fredrik Hjort Kraby

Politiadvokat Pål-Fredrik Hjort Kraby stadfestar at dei har starta etterforsking etter lekkasjane.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

– Me opplever at fleire vitne trekk seg frå avhøyr fordi dei ser at det er lekkasjar i media. Dette gjeld både førstegongsavhøyr og oppfølgingsavhøyr, seier politiadvokat Pål-Fredrik Hjort Kraby til NRK.

– Dei tykkjer dette er svært ubehageleg, og vel difor å trekkje seg frå avhøyra. Det er uheldig i høve til etterforskinga vår.

Kraby ønskjer ikkje å gå inn på kva dei veit om lekkasjane hos politiet, men stadfestar at dei no har starta etterforsking for å få klarheit i kva som har skjedd.

– At dette er prioritert hos oss, kan eg stadfeste.

– Kjem lekkasjane frå politiet sjølve?

– Me kan ikkje utelukke at dei kjem frå politiet, så det får etterforskinga vise.

AUF-leiaren ser raudt

Eskil Pedersen, leder i AUF.

Eskil Pedersen skreiv laurdag eit langt blogginnlegg der han skulda Aftenposten for å synke til eit lågt nivå.

Foto: Knutsen, Marius / SCANPIX

Aftenposten siterar fleire av politiforklaringane anonymt ei historie om kva som skjedde på ferga MS Thorbjørn 22. juli. Det har fått både AUF, Arbeiderpartiet, Støttegruppa for 22. juli og politiet til å sjå raudt.

– Personleg gjer det frykteleg vondt å oppleve at Aftenposten lagar ei sak basert på blant anna mitt hemmelege avhøyr der eg, trudde eg, gav fortruleg informasjon for å hjelpe politiet. Ingen overlevande og ofre i denne saka burde oppleve dette, men eg er AUF-leiar og skal takle at det har skjed, skriv Eskil Pedersen i bloggen sin.

Nyheitsredaktør i Aftenposten, Ole Erik Almlid, påpeiker at det ikkje er uvanleg å referere til avhøyr i krimjournalistikken. Han skildrar Aftenposten-saka som svært dempa, lite spekulativ og omsynsfull overfor dei involverte.

– Eg kan difor ikkje forstå at det vert oppfatta som at ei ny grense er trådd over, seier Almlid til NTB.

AKTUELT NÅ