Hopp til innhold

Bonde-leiarar håpar Solhjell vil ta rovdyrpolitikken på alvor

Norske bondeleiarar har håp om at Bård Vegar Solhjell (SV) som ny miljøvernminister skal personleg engasjere seg i rovdyrpolitikken.

gaupe jakter på lam

Rovdyrforliket i Stortinget slår fast at bønder kan skyte rovdyr i beiteområde for husdyr.

Foto: Jostein Hunstad

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag og leiar Ove Ommundsen i Norsk Sau og Geit er samde om at det gir håp at Solhjell sjølv er frå eit landbruksdistrikt, og at han såleis vil vere i stand til å følgje opp rovdyrforliket i Stortinget.

Nils T. Bjørke

Nils T. Bjørke er leiar i Norges Bondelag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Ingen av dei to er nøgde med Erik Solheim si oppfølging av rovdyrforliket. Det faktum at det no blir ein statsråd som berre skal ha miljøvern som fagområde, og ikkje utvikling i tillegg, slik Solheim hadde, gir grunn for eit visst håp, meiner dei.

LES OGSÅ: – Engasjerte Thorkildsen, energiske Holmås og erfarne Solhjell

– Levande bygder og beitedyr

– Eg håpar at Solhjell er oppteken av levande bygder og beitedyr. Han er frå ei bygd sjølv, og eg håpar at han vil ta beitenæringa på alvor og halde ein dialog med oss, seier Nils T. Bjørke til NRK.no.

Bjørke håpar også at den nye statsråden bli endå litt tøffare når det gjeld jordvern, for der meiner han regjeringa hittil har vore for lite strenge.

– Dei har vore veldig opptekne av utmarka, men har vore for liberale når det gjeld utbyggingar på område med dyrka mark. Eg håpar på forståing for at det er den dyrka jorda som skal brødfø oss, seier Bjørke.

Ove Amundsen er styreleiar i Norsk Sau og Geit.

Ove Ommundsen håpar den nye miljøvernministeren tek tak i rovdyrpolitikken.

Foto: Norsk Sau og Geit

Bondelagsleiaren har eit konkret krav til den påtroppande SV-statsråden om at han må følgje opp rovdyrforliket i praksis. Det skal ikkje vere rovdyr i beiteområde.

– Utvaska av byråkratar

Han får støtte frå Ove Ommundsen i Nork Sau og Geit. Han viser til at det i rovdyrforliket som vart vedteke i Stortinget, stod enkelt og greitt at det skal vere mogleg å skyte rovdyr i beiteområde.

– Denne enkle setninga har blitt til 20 sider etter at byråkratane i departementet var ferdige. Og med svært mange direktiv for kva ein skal gjere før det blir aktuelt å skyte eit rovdyr i eit beiteområde, seier han. Han meiner rovdyrforliket har blitt altfor mykje utvaska av departementet.

Bård Vegar Solhjell

Bård Vegar Solhjell tok over som miljøvernminister fredag.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Ommundsen har også inntrykk av at Erik Solheim ikkje var så interessert i å sjå rovdyrpolitikken frå beitesida, og han har håp om at Solhjell har større forståing for problemstillinga.

Ynskjer dialog

Ommundsen og Bjørke er samde om at det er viktig å ha ein god dialog med den nye miljøvernministeren. Landbruksorganisasjonane vil truleg ganske raskt be om eit møte med Bård Vegard Solhjell.

Begge dei to bondeleiarane lovar å følgje godt med på politikken til Solhjell i tida framover.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell ynskte laurdag ettermiddag ikkje å kommentere saka.

Statssekretær Heidi Sørensen (SV), som har hatt mykje ansvar for rovdyrpolitikken til departementet, held fram i jobben etter skiftet av statsrådar.

AKTUELT NÅ