Hopp til innhold

Nordmenn elskar framleis brødmat

Tass i harde åtak på brød, potet og karbohydrat, held nordmenn fram med å ete brød kvar einaste dag.

Brød
Foto: Scanpix

NU brød
Foto: Gro Ravnestad / NRK
Smørbrød
Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX
Omars grove brød
Foto: NRK
brød
Foto: ScanStockPhoto
Brød
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX
Matpakke
Foto: Scanpix / SCANPIX
Brød
Foto: Scanpix
Brød
Foto: ScanStockPhoto
Illustrasjonsfoto: Mattilsynet.
Foto: Mattilsynet / NRK

Det viser ei nybakt undersøking frå Statens Institutt for forbruksforsking (SIFO).

Nam-nam!

Verken salat eller varm mat konkurrerer ut matpakka, fortel forskar Annechen Bugge.

- Dei aller fleste nordmenn et brød til frukost og lunsj så å seie dagleg, slår ho fast.

Som i dei fleste norske heimar, er det grovt brød på frukostbordet hos familien Gjersøe Sogge i Oslo. 11 år gamle William klagar ikkje på maten.

- I dag har eg ete ei brødskive med skinke og ei med syltetøy. Det smakte svært bra, fortel han.

Trur brød er sunt

Dei siste åra har det vore mange og heftige debattar om det daglege brødet vårt er så sunt som norsk tradisjon og offentleg helsepolitikk vil ha det til.

Utallige spaltemeter til tross, berre fem prosent av oss til å endre brødvanane våre i stor grad, viser undersøkinga frå SIFO.

Forskar Annecehen Bugge er overraska over resultatet.

- Vi hadde ikkje venta at over 90 prosent meiner at brødmat smakar godt, og at 7 av 10 meiner brød er sunn mat, seier ho.

Tek med matpakke

Oppfatninga om at vi synes brødskive og matpakke er traurige greier, stemmer altså ikkje.

- Matpakka er godt likt og noko folk oppfatar som ein god vane. Den er også veldig utbreidd, fortel Bugge.

Det som har endra seg er at en vi er blitt flinkare til å velje grovt brød, og at kvinner og at folk i hovudstaden et salat til lunsj i litt større grad enn før.

- Brødskiva er uslåeleg

Svært få ynskjer likevel å byte ut brødlunsjen med varm mat. William Gjersøe Sogge veit kva han hadde ete til formiddagsmat om han kunne velje.

- Eg vil ha brødskive uansett. Dersom ein vel noko anna kan ein ikkje ha hamburgarrygg, salami eller ost oppå, kjem det raskt frå 11-åringen.

Les: Slik lager du sunt brød

Les: Velger du riktig brød?

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger