Hopp til innhold

– Her mobbar me ikkje, for det har rektor sagt!

Mobbeprogram og kampanjar, som er tids-og personavhengige, fungerer ikkje, seier Noregs første mobbeombod, Bodil Houg.

Rektor Katti Anker og mobbeombud Bodil Houg

Rektor ved Haugjordet ungdomsskule i Ski kommune, Katti Anker Teisberg, og Noregs første mobbeombod Bodil Houg, seier rektor har ei nøkkel-rolle for å hindre mobbing.

Foto: Tone Gullaksen / NRK

Ho og rektor ved Haugjordet ungdomsskule i Ski kommune, Katti Anker Teisberg, har forska på korleis rektorar og andre skuleleiarar får ned talet på elevar som blir mobba.

– Det er det langsiktige og førebyggjande arbeidet som er viktigast. Det må ligge i botnen. Me har sett at dei skuleleiarane som gjer det bra i Elevundersøkingane arbeidar førebyggjande, samstundes som dei er flinke til å bygge gode relasjonar mellom lærarar og elevar, og mellom leiing og lærarar, fortel Teisberg.

– På dei to skulane me har sett på er miljøet prega av respekt og samhald. Det er ikkje kortvarige tiltak på desse skulane, men trykk over tid på skulemiljøarbeidet, held ho fram.

Dei har begge jobba i ei årrekkje i utdanningssektoren. Bodil Houg byrja å jobbe som lærar i 1993.

I 1998 tok ho steget opp i skuleleiinga, og har vore både rektor og inspektør. På nyåret tek ho til som mobbeombod i Buskerud Fylkeskommune, og forlet den noverande jobben som inspektør ved Bjørnegård ungdomsskule i Bærum kommune.

Bodil Houg

Bodil Houg er påtroppende mobbeombud i Buskerud.

Foto: Tone Gullaksen / NRK

Katti Anker Teisberg

Katti Anker Teisberg.

Foto: Tone Gullaksen / NRK
Ho har saman med kollega og rektor ved Haugjordet skule i Ski kommune, Katti Anker Teisberg, skrive masteroppgåva «Her mobber vi ikke, for det har rektor sagt!- En studie i lederes strategivalg ved to skoler».

Teisberg tok til å jobbe som lærar i 1998, og har sidan 2005 arbeidd som både inspektør og rektor i ungdomsskulen.

Hovudfokuset i oppgåva har vore dei skulane som har fått det til, og har vore gjennomført som eit ledd i Masterstudiet i Utdanningsledelse ved Universitetet i Oslo. Dei har i oppgåva valt å anonymisere skulane.

Rektor har ei nøkkel-rolle

Leiarane ved skulane dei har intervjua kjenner lover og reglar godt, og dei har handlingsplanar.

– Det er eit system i botnen. Leiarane kjenner planane godt. Lærarane kjenner dei ikkje så godt, men dei jobbar likevel etter planane. Det betyr at skulemiljøarbeidet er godt innarbeidd i skulekulturen, seier Bodil Houg.

Ho trur ein av grunnane er at leiing og lærarar kommuniserer godt.

– Leiarane ved dei skulane me har snakka med set det relasjonelle perspektivet høgt.

Dei har har mot til å ta avgjersler og er handlekraftige.

– Me har sett at dei grip inn med ein gong det er nødvendig. Dei kjenner lover og reglar, men prioriterer elevar og foreldre først i ei mobbesak, seier Katti Anker Teisberg.

Program er unødvendig

Ingen av dei tykkjer noko om bruken av ulike program for å hindre mobbing.

– Me har ikkje så stor tru på desse store kampanjane eller programma. Me trur heller på at kvar skule må finne ei form som passar dei. Det er først då arbeidet verkar, seier Bodil Houg.

Dei meiner kampanjane og programma kan vere ein del av grunnen til at tala på elevar som blir mobba ikkje har gått nedover dei siste ti åra. Grunnen er at både kampanjar og program ofte er person-og tidsavhengige.

– Det er det langsiktige og systematiske arbeidet med skulemiljøet som fungerer, dersom endringane skal bli varige, seier Teisberg.

Dei viser til at det første norske manifestet mot mobbing kom i 2002 under Bondevikregjeringa etter at Sverige ved starten av 2000-talet hadde gjennomført eit stort nasjonalt program mot mobbing.

Manifestet blei underteikna av Barneombodet, Utdanningsforbundet, KS og Foreldreutvalet for Grunnskulen, og erklærte nulltoleranse mot mobbing.

I 2003 fekk elevane ei eiga arbeidsmiljølov i opplæringslova. Det første manifestet mot mobbing er seinare følgt opp av Stoltenberg-regjeringa.

– Det er positivt å bli minna på kor viktig arbeidet mot mobbing er, men å kreve at skular skal bruke program det har me ikkje tru på, seier Houg.

Noregs viktigaste leiar-jobb

Kristin Halvorsen

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen set arbeidet til norske rektorar høgt.

– Rektorane har den viktigaste leiarjobben i det norske samfunnet. Dei rektorane som lukkast i skulemiljøarbeidet er dei som får alle vaksne ved skulen til å ta eit medansvar. Dei får lærarane til å observere korleis ungane oppfører seg i forhold til kvarandre, og dei grip inn med ein gong dei ser atferd som ikkje er akseptabel, seier Halvorsen.

Talet på elevar som blir mobba i den norske skulen har nesten stått stille sidan 2003.

Ein reknar med at 50.000 elevar opplever mobbing i skulekvardagen.

Kunnskapsministeren har ikkje ei forklaring på kvifor det er slik, men ho er overtydd om at det har vorte betre.

– Eg veit at skulane jobbar mykje betre no enn dei gjorde før. Dei fokuserer meir på mobbing. Utdanningsdirektoratet har gjennomført eit tilsyn to år på rad, noko som har ført til meir merksemd rundt mobbe-problematikken. Men me må innsjå at det alltid vil vere konflikter i skulen. Det skjer overgrep der det er mange menneske samla, og det viktigaste me kan gjere då er å slå ned på det før det får utvikle seg til å bli noko som kan prege eit menneske resten av livet, held ho fram.

Ho tykkjer det er viktig å dra fram dei gode døma.

– Me har døme på skular som nesten ikkje har mobbing. Dei tek tak i problema med ein gong dei skjer. Det er viktig for skular å ha noko å strekke seg etter.

Mobbeprogram

Halvorsen tykkjer det er viktig å diskutere på kva måte ein skal forbetre skulemiljøet, og meiner det er viktig å sjå på bruken av mobbeprogram.

– Eg tykkjer det er heilt riktig å sette spørsmålsteikn ved bruken av mobbeprogram. Ingen skular må tru at ved å kjøpe seg eit mobbeprogram så har ein løyst mobbe-problemet. Det er ein del skular som kan ha bruk for den systematikken som er i eit mobbeprogram, og då tykkjer eg dei skal bruke det. Men det er den jobben ein gjer kvar dag som avgjer om ein er ein god skule eller har eit godt læringsmiljø.

Professor i pedagogisk psykologi ved Senter for Atferdsforsking ved Universitetet i Stavanger Erling Roland har jobba med utviklinga av anti-mobbeprogram i ei årrekkje. Han seier at forsking viser at dei fungerer og kan vere til god hjelp.

– Eit program er ein systematisk metode for å førebyggje og stoppe mobbing over tid. Skulane får hjelp frå ekspertar utanfrå til skulemiljøarbeidet. Etter ei stund skal skulen kunne jobbe for eiga maskin med skulemiljøet. Desse programma er bygd på langvarig forsking, og me veit at det verkar når det blir teken godt i bruk, seier Roland.

Åndeleg skyline

Men han er også samd i mykje som står i oppgåva til Teisberg og Houg.

– Eit godt opplegg for å stoppe mobbing har ein tydeleg rektor i spissen som markerer sine haldningar mot mobbing. Det er også viktig å ha lærarar som følgjer opp med god klasseleiing.

Han seier at skulane må tenke langsiktig.

– Det er viktig å vite kvar rektor står. Arbeidet mot mobbing må bli ein del av skulekulturen. Det er systemtikken som gir resultat på lang sikt. Skippertak fungerer ikkje. Det må vere ei åndeleg skyline som preger arbeidet med skuelmiljøet, avsluttar Roland.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger