Hopp til innhold

FN-toppar får Nobel-refs

FN får hard medfart frå ein av støttespelarane til ekteparet Liu etter at kommissæren for menneskerettar takka nei til invitasjonen til Nobel-seremonien.

FN-kommissær Navanethem Pillay og Ban Ki-moon

Både høgkommissær for menneskerettar, Navanethem Pillay (t.v.), og generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon, forsømer verva sine. Det meiner ein talsmann for Liu Xia, kona til fredsprisvinner Liu Xiaobo.

Talsmannen til fredsprisvinnaren si kone, Liu Xia, seier høgkommissæren for menneskerettar forsømer si stilling når ho no har takka nei til å koma til fredsprisutdelinga i Oslo.

– Navanethem Pillay si avgjersle er ei klar og tydeleg forsaking av hennar plikter som høgkommissær, skriv talspersonen Yang Jianli i ei pressemelding måndag.

– Gjev etter for Kina-press

Nobel-seremonien vert skipa til i Oslo rådhus den 10.desember, til ære for årets fredsprisvinnar, den kinesiske demokratiforkjemparen Liu Xiaobo.

Årets tildeling til den kinesiske dissidenten er svært omstridd, og Kina har uttrykt si sterke misnøye på fleire måtar. Som følgje av dette, har fleire av dei inviterte til årets fredsprisutdeling takka nei.

Talsmannen til Liu Xia er overbevist om høgkommissær Pillay har gjeve etter for press frå kinesiske styresmakter.

– Dette er spesielt urovekkjande fordi det skjer etter at generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon ikkje sette fram krav om lauslating av Xiaobo under sitt besøk i Kina i slutten av oktober, står det i pressemeldinga.

– Ban Ki-moon bør gå av

Yang Jianli

Ein av dei næraste støttespelarane til fredsprisvinnar Liu Xiaobo, Yang Jianli, rettar hard skyts mot FN.

Foto: DENIS BALIBOUSE / REUTERS

Fredsprisvinnaren sit i fengsel, og slepp ikkje ut, korkje frå fengsel eller landet, for å ta imot Nobel-prisen kommande fredag.

Kona har sete i husarrest sidan vinnaren av fredsprisen blei kunngjort i byrjinga av oktober. Ho er isolert frå all kommunikasjon med omverda - bortsett frå ein telefonsamtale i veka med mor si.

På vegne av Liu Xia oppfordrar Yang både generalsekretæren og høgkommissæren Pillay til å retta seg etter dei føremåla som FN byggjer på. Ho viser til artikkel 1.3 i FN-charteret, der det står at FN skal:

« (..) fremja og oppmuntra til respekt for menneskerettane og grunnleggjande fridomar (..) »

– Dersom dei to ikkje er villige til, eller ute av stand til å gjera dette, bør dei trekkja seg frå sine verv, meiner Yang.

Liu Xiaobo

Den kinesiske demokratiforkjemparen Liu Xiaobo er tildelt Nobels fredspris 2010.

Foto: - / Afp
Liu Xia, kona til fredsprisvinner Liu Xiaobo

Kona til fredsprisvinnar Liu Xiaobo, Liu Xia, sit framleis i husarrest.

Foto: Andy Wong / Ap
– Ironisk

Blant dei andre som har avvist invitasjonen er ambassadane til Kina, Russland, Kasakhstan, Cuba, Marokko og Irak.

Ifølgje Yang har høgkommisæren for menneskerettar uttalt at ho ikkje har høve til å koma på Nobel-seremonien fordi timeplanen er full.

Den 10.desember markerer FN den årlege Menneskerettighetsdagen.

– Ironisk nok er tema i år personar som kjempar for menneskerettane. Liu Xiaobo er ein av dei framste forkjemparane for menneskerettar i verda i dag. At ein høgkommissær vanlegvis ikkje er tilstade på fredsprisutdelinga er eit irrelevant argument for å avslå invitasjonen, skriv Liu Xia sin talsmann.