Hopp til innhold

– Har vist oss at politikarar ikkje treng vera sure og meggete

Kristin Halvorsen vil bli sakna for sitt gode humør og rungande latter når ho trer av som partileiar for SV før valet i 2013.

Partileiardebatt på Stortinget

Humoren og latteren til Kristin Halvorsen er det mange kjem til å sakna mest når Kristin går av som SV-leiar til våren.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Ho har vist oss at politikarar ikkje treng å vera sure og meggete. Ho har overført energi, også til oss andre, seier Trine Skei Grande (V) om Halvorsen.

Resultata frå lokalvalet viser at SV har gjort eit katastrofeval. Partiet enda opp med 4 prosent oppslutnad på landsbasis. På valkvelden måndag annonserte Kristin Halvorsen at ho vil trekkja seg som partileiar før stortingsvalet i 2013.

– Kjem til å sakna latteren

Kristin Halvorsen og Jens Stotenberg

Kristin Halvorsen har ofte fått statsminister Jens Stoltenberg til å dra på smilebandet.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Avgjerda sjokkerte mange, og dei andre partileiarane er klare på kva dei kjem til å sakna når Halvorsen ikkje lenger skal vera med på i partileiardebattar og underutvalsmøter

– Det er humoren. Ho er så til stades. Nor ho ler, så ler ho, fortel statsminister Jens Stoltenberg (Ap). For ein gongs skuld er han og Frp-leiar Siv Jensen samde.

– Eg kjem først og framst til å sakna latteren til Kristin, seier Jensen.

– Kan endeleg gå med raud jakke

Også Erna Solberg (H) seier ho vil sakna humørfylte Halvorsen.

Men Høgre-leiaren, som har gjort eit brakval, seier ho også ser fram til partidebattar utan Halvorsen.

– Då kan det vera at eg får gå med raud jakke i fleire av debattane. Det har alltid vore «ein fight». Kristin meinar ho har monopol på å bruka raude jakker i partileiardebattar, seier Solberg spøkefullt.

Men det var ikkje jakkefargen Knut Arild Hareide (Krf) tenkte på då han vart spurd om Kristins avgang som SV-leiar.

– Det blir litt mindre fargerikt når Kristin trer ut av rolla si, seier Hareide.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger