Dødsbrann i campingvogn i Sverige
Fleire personar brann inne i ei campingvogn i Uppsala i Sverige natt til laurdag. Det er uvisst kor mange som er døde. Saka blir truleg etterforska som mordbrann, men det er førebels ikkje mistanke om kriminel handling seier politiet til Expressen.