Hopp til innhold

Premierenervar for Romeo og Julie

Store utfordringar for teaterdebutantar på Hålogaland Teater.

Hålogaland teater med Romeo og Juliet
Foto: Ingunn Vassvik / NRK

Det har vore dårleg med nattesøvn og ein del grubling den siste tida for Stine Mari Fyrileiv og Nils Jørgen Kaalstad.

Dei to skodespelarane gjekk ut av skodespelarutdanninga ved Kunsthøgskolen i Oslo i juni og 11. september står dei på scena ved Hålogaland teater, i rollene som Julie og Romeo.

Store krav

– Vi kjenner kanskje ikkje på den same lykkerusen no, som då vi fekk rollene, vedgår Stine Mari Fyrileiv.

Regissør Jurij Butusov stiller store krav til skodespelarane og det er mange utfordringar for hovudrolleinnehavarane.

– Det er sjeldan eg går heim herifrå med ei god kjensle, for vi får ganske mykje kjeft frå regissøren, ler Nils Jørgen Kaalstad.

– Men eg trur det blir ei tøff førestelling når vi kjem i mål. Eg trur publikum til og med vil kunne gå ut herifrå med ståpels!

Utfordring på nordnorsk

Den russiske regissøren stiller store krav til skodespelarane og det har vore mykje prøving og feiling i prøveperioden.

– Det er ei real utfordring og svært lærerikt for oss som nyutdanna skodespelarar, seier Kaalstad.

Shakespears klassiske kjærleiksdrama Romeo og Julie er ei stor utfordring for ensemblet, og for dei to austnorske skodespelarane er det ei ekstra utfordring at teksten er på nordnorsk, i Ragnar Olsen si omsetting.

– Vi er ikkje i mål der heller. Det får nesten bli som det blir, for dette er ei stor oppgåve i utgangspunktet, seier dei to, som enno har tre veker på seg før dei får publikum i salen.

Intervju med skuespillerne om "Romeo og Julie"

Flere nyheter fra Troms og Finnmark